Tormod Bråten

Folkelarmpris med laget på laget

Brørne Hans P. og Rasmus Kjorstad med rå og upolert siger Fron historielag gratulerer og er ikkje så lite stolt over å kunne vera med ørlittegranne på laget da brørne Hans og Rasmus Kjorstad frå Nordgard Kjorstad i Sør-Fron laurdag vann årets Folkelarm-pris i Åpen...

read more

Fronsbygdin til farsdagen

Ho har vore hos bokhandlar Petter Asphoug på Libris Vinstra, Bjørg Anitra Strand og sikra seg Fronsbygdin 2017 til gubben til farsdagen. Det gjer ho kvart år, så han veit kva han får. Tor Larsen skriv i Dølen: Mange venter i spenning på boklanseringa og utgivelse av...

read more

Her er ho, bestseljaren!

[wpvideo hBzBmp8H] Bortimot 70 var til stades da Fronsbygdin 2017 vart lansert med mykje åtgaum på Sygard Grytting torsdag 2. november. På denne videoen møter du Ellen Steberg, leiaren i historielaget, historikaren Eirik Brazier, som meiner desse lokalhistoriske...

read more

Dei såra kom til Sør-Fron

Få med deg ein innhaldsrik kveld med lansering av Fronsbygdin 2017! Kom til Sygard Grytting torsdag 2. november kl 1900. Og du er med på lanseringa av Fronsbygdin 2017. Meir enn det. Du får høyre om at såra fiendtlege soldatar under første verdskrigen var overveldande...

read more

Gigg og trille

Då det tok fire timar frå Harpefoss opp på fjellet EILIV ENGET: Ein snerten kjørdoning som vart nytta når berre ein eller to personar skulle ut på tur, var giggen. Lettbygd med smale hjul og ei fjørbelasta kasse, kunne han brukast etter dårlege fjellvegar. Men med...

read more

Triveleg kveld i Skåbu!

Ca. 40 personar møtte opp på markvandringa ved Olstappen måndag. Arkeolog Hildegunn Ruset guida dei frammøtte forbi elggraver, og orienterte om dei arkeologiske utgravingane, eit prosjekt som vart avslutta i fjor. Orienteringa foregjekk like ved det området som...

read more

Markvandring Sandstjønn-Sand 15. juni

Torsdag 15. juni kl. 18.00 blir det markvandring i området Sandstjønn-Sand. Vi parkerer bilane ved avkøyring til Auretjønna. Frå der går vi til Sandstjønn og vidare til Sand. Gode sko er ein fordel. Dei som vil ha ein lengre tur parkerer på Voll og går frå der. Da...

read more

Da sauen trakka ned presten

Ei historie om korleis dei tok imot Guds mann i Skåbu GEORG MEGAARDEN: Veslumgutane var tre brør, Per, Ole og Øystein. Per var den eldste og ser ut til å ha vore føraren deira. Dei levde på garden Veslum, som ligg ved osen av vatnet Olstappen. Dei førde ikkje nett...

read more

17. mai 1940

Ole Chr. Risdal: 17. mai 1940 var sjølvsagt ein nasjonaldag heilt utanom det vanlege. Tyskarane hadde gått brutalt laus på det vakre landet vårt. Folk var i sjokk, panikken og kaotiske tilstandar rådde. Dette er viktig å tenke på når vi i dag kan feire 17. mai i fred...

read more

Frigjeringsdagen

Ole Chr. Risdal: Tradisjon tru vart frigjeringsdagen markert med kransepålegging og honnør på Kvam kyrkjegard og i Fredsparken. Les meir i Dølen. Sjå også NRK-programmet "Norge er atter fritt".

read more

Ymse oppdrag under krigen

Arne Risdal  opplevde litt av kvart under krigen. Her under Jon Moens kommando, Heimevernet i 1956. (Frå Kjem du é haug - Kvam i bilder gjennom 120 år 2016). Øvst til høgre ser vi norske soldatar i Østre Gausdal i 1940 (frå Gudbrandsdalen gjennom krigsåra,...

read more

Bli med til Heggerud!

Og sjå kva dei let etter seg, dei russiske offiserane Russiske offiserar budde på Heggerud Gard på Harpefoss vinteren 1917-18, etter at dei flykta frå den russiske revolusjonen. Dei sette spor etter seg. Dei laga eit hageanlegg det er lett å sjå spor etter nå tidleg...

read more

Kampane i Kvam 1940

Ole Chr. Risdal: I dag er det 77 år sidan kampane i Kvam braka laus. Dette skulle bli det hardaste slaget i Gudbrandsdalen, mest truleg også i heile Sør-Noreg. 54 engelske soldatar mista livet, saman med tre norske soldatar og tre sivilistar. Om lag 70 hus brann ned,...

read more

Vi må aldri gløyme 9. april!

Ole Chr. Risdal: I dag er det 77 år sidan det tyske angrepet på Noreg. No er vi opptekne av andre utfordringar og står overfor andre trugsmål , men uansett må vi aldri gløyme kva som skjedde med landet vårt den 9. april 1940. I og med at NRK og andre kanalar ikkje...

read more

Triveleg årsmøte på Harpefoss

Ole Chr. Risdal: Rundt 40 personar deltok på årsmøtet til Fron historielag på Folkets Hus på Harpefoss. Endring av medlemskontingenten og oppattaking av æresmedlemskap var noko av det som stod på agendaen. Anders Nustad (kasserar), Knut Ulberg (nestleiar) og Kåre...

read more

Hundorp sentral skal nedlegges

DAGNINGEN 13.3.1976: På Hundorp sentral traff vi Mette Fallet og Kristian Engum ved sentralbordene. Kristian Engum var mest opptatt av været, og vinterferien skal han tilbringe på fjellet, der han hadde planer om å ta seg noen fisketurer. Mette Fallet drev for tiden...

read more

Vev på Brynsbakken

DAGNINGEN 2.3. 1976: På Brynsbakken i Ruste i Fron er det innredet vevstue i den nedlagte butikken, og forleden kveld ble det første vevkurset avsluttet etter å ha vart i 48 timer. 12 kvinner har deltatt på kurset, og lærerinne har vært Magnhild Bjørke. Det er bordvev...

read more

Snart tid for årsmøte!

Nå er det på tide å melde seg inn i Fron historielag! Eller betale medlemskap for 2017, for da kan du bli med torsdag 6. april -  veka før påske, når styret ønskjer velkomen til årmøte kl 19 på Harpefoss grendahus. Ein triveleg kveld med vanlege årsmøtesaker, biteti...

read more

– Fron må aldri bli delt

Ei intens røyst frå motsett kamp for 40 år sidan AKSEL BLEKASTAD I 1976: - Fron er ei eldgamal kommune som aldri må bli delt att. Dei naturlege tilhøva taler mot deling, seier Aksel Blekastad i Skåbu, som vonar at dei høge herrar på Tinget tek til fornuft når det...

read more

Der hestane mista skoen

Husmansplassen Hesteskobakken på Harpefoss ligg i Husmannsåret 1978 til forfalls. Denne plassen, som blir delt i to av kommunegrensa mellom Nord- og Sør-Fron, var busett til etter krigen, men er nå gått inn under garden att. Hesteskobakken er ein av dei minst sju...

read more

Det var ein gong ein furumo…

Dette er eit bilde frå Norsk Skogmuseum (fotograf Sverre Hollum) med denne teksta: "Utsikt over Lomoen i Nord-Fron kommune, sett fra en av Kongsli-gardene i 1960. Vi ser ned på den den gang store furumoen som hadde navn etter naboeiendommen Lo. I sonen mellom innmarka...

read more

E6 ga Fron ny forhistorie

https://youtu.be/fjgrBt9pPGk Nye E6 har også skapt ny forhistorie i Fron. De arkeologiske utgravingene er de mest omfattende som noen gang er gjennomført i Oppland. Resultatet er at vår forståelse av bosetningsutviklingen i Gudbrandsdalen må revurderes, skriver Ingar...

read more

Kva fann dei da dei bygde E6?

Det får du vite på Dale-Gudbrands gard 31. januar Nye E6 førde også med seg arkeologiske utgravingar. I Fronsbygdin 2013 finn du artikkelen Fra Frons eldre historie, skrive av Ingar M. Gundersen på bakgrunn av utgravingane. Noko av det han fann: Allerede for omkring...

read more

Takk for laget i året som gjekk

Av ein eller annan grunn har ikkje heimesida til Fron historielag slått an på Svalbard, Grønland og i nokre land i Afrika i 2016. Frå dei grå landa har det ikkje vore nokon inne her. Elles har det vore besøk frå dei fleste land i verda, m.a. New Zealand, Iran og Irak,...

read more

Høgtidsam jolehelg

Med desse gamle julekorta frå FB-sida Det Gamle Norge ønskjer Fron historielag ei fredeleg julehelg for alle medlemmane våre, for alle som blir medlem i 2017, for alle som er interesserte i lokalhistorie - og for alle lesarane på denne sida. Og vi gjer det med litt...

read more

Nye E6 og vintervegen

Fron historielag melder seg blant gratulantane! Nye E6 opna i dag med dans og leik, Peer Gynt, musikk, takk og gode talar. Sikrare, raskare og betre veg på alle måtar. Vegen har kosta rundt 200 millionar kroner pr kilometer eller 2000 kroner pr cm, og eit lite blikk...

read more

Forvist til Espedalen!

Om David Forbes, presten Galschjøt og Per Flåtå KRISTIAN ELSTER D.Y: Den 21-årige skotte David Forbes, som drev Nikkelverket i Espedalen midt på 1800-tallet, var en usedvanlig utrustet mann. Ikke eldre enn han var, ble det nye verket betrodd ham, samtidig som han...

read more

En masurka oppå lasset

PÅL KLUFTEN: Efter spillemannen og turistføreren Ola Moløkken, Garmo, har jeg tegnet op ovenstående stemningsfulle "Gjendemasurka". Da byggmesteren Ivar Vetlseter frå Vågå hadde tatt på sig å bygge Turistforeningens hytte Gjendebu, var han litt i beit for å fraktet...

read more

Vi har mista ein av dei beste

Minneord om Ragnar Øvrelid I boka Hundorp med undertittel Tusenårsstaden i Oppland (Samlaget, 2005) vart Ragnar Øvrelid invitert til å skrive ein lengre artikkel om «Hundorp, garden og bygda». Han svara med ein gong positivt på det spørsmålet. Han skriv: Tillat meg...

read more

Fri hest til kyrkja

Ei lita historie om føderåd RAGNAR ØVRELID: Det var mykje færre gamle i bygdene her på 1700- og 1800-talet enn det er i dag. Og dei var ikkje på langt nær så tilsidesette og unyttiggjorde som dei er no. Dei budde på garden, eller på plassen, dei passa barn, hogg ved...

read more

Etter pesten seig dei rike og mektige ned

Svartedauden verka sterkt sosial utjamnande i Fron RAGNAR ØVRELID: Korleis verka pestane på befolkningsutviklinga i fronsbygdene? Svartedauden herja i Noreg  vinteren 1349-1350. Her i Fron smitta nok bylleepidemien gjennom lopper i klede. Og det kom fleire pestar,...

read more

Ikke om jeg får betaling!

Peer Gynt-veien en skandale AFTENPOSTEN 1956: En Oslomann som igår kom hjem efter en biltur gjennom deler av Gudbrandsdalen, ber Aftenposten om å advare bilister mot Peer Gynt-veien fra Øyer til Golå. -Den er i så elendig stand at jeg vil ikke kjøre den en gang til om...

read more

Hugs farsdagen!

Gje han Fronsbygdin, så roar han seg ned -Fronsbygdin er er unikt oppslagsverk. Her finner du informasjon om bygdesamfunna i Fron som du ikke finner andre steder, skriv Tor Larsen i meldinga i Dølen. Og legg til at dette er ei av dei betre Fronsbygdin. Han gir ôg...

read more

Per Ottesen er død

Her er minneorda ved lanseringa av Fronsbygdin 2016 RASMUS STAURI:  Det var ei svært trist melding som kom i går kveld.  Per Ottesen, medredaktør i Fronsbygdin sidan 2008, somna roleg inn tysdagskvelden. Det lokalhistoriske miljøet i Fron har nå mista ein verdifull...

read more

Møt Øystein Hov som fortel om far sin

Lansering av Fronsbygdin 2016 på Nord-Fron bibliotek torsdag kl 19 Sverre Hov var prest i Sør-Fron i 24 år frå 1950 til 1974. Øystein Hov teiknar eit portrett av far sin, når historielaget lanserer den 13. utgåva av Fronsbygdin torsdag 3.november kl 19.00 på Nord-Fron...

read more

Hol i bokylla?

Manglar du nokre årgangar av Fronsbygdin? Når du kjem på lanseringa i biblioteket på Vinstra torsdag 3. november, kan du gjere eit kupp. Der får du kjøpt gamle Fronsbygdin for berre kr 100! Her finn du innhaldet i bøkene.

read more

Veiformann Martin

Da Peer Gynt-veien fylte 35 år KRISTIN VESKJE I GD 1991: -Veien er eksistensberettigelsen for reiselivsbedriftene, sier Martin Hovind fra Hundorp om Peer Gynt-veien. Høyfjellsveien feirer 35-årsjubileum og møter turister som en flott vei med opplevelsesrike punkter....

read more

Tyskerne fant den aldri

Motstandshytta i Ulbergsskårra Høsten 1944 klarte tre menn, som var involvert i illegalt arbeid, å rømme unna en tysk razzia i Otta-Kvamsfjella. De tok seg over fjellet og kom ned til Sødorp, der de gjennom Ottar Morken fikk kontakt med Hans Skriubakken på vestsida av...

read more

Luftslotta på Golå

Kvar vart det av hopp- og akebakken? https://youtu.be/2OzTEZI64nc SØR-FRØNINGEN 1/1988: Hoppbakke-utbygging i samarbeid med dei 5 idrettslaga som skal stå bak langrennsanlegget, er ein av mange idear som har vore laust drøfta på Golå. Saka ligg førebels på...

read more

Ein varm arbeidsplass

Gudbrandsdal Energi har gjeve ut ei flott og interessant jubileumsbok om dei siste 25 åra, skrive av Ingar Sletten Kolloen, Asbjørn Ringen og Håkon Sveen. Ho er gratis. Du kan få ho m.a. på biblioteka. Ein kan mistenkje at Håkon Sveen har prata med mange og samla gode...

read more

Leiter du etter oldemora di?

Slekt og data Oppland held  kurs 7., 14. og 21. november kl 18:00-21:00: Lærerikt og spennende nybegynnerkurs i slektsforskning. Lær hvordan du finner fram i kildene., og hvordan begynne din jakt etter forfedrene. Tema vi gjennomgår er genealogiske ressurser,...

read more

Passivitet og bygdesladder

Ordføraren prøvde, men fekk det ikkje til CARL HENRIK GRØNDAHL: Det er ikkje alltid så lett å ta initiativ. Ivar Kleiven kalte Fron-historieboka si for Fronsbygdin i 1930. Da historielaget tok til å gje ut årbok i 2003, var det berre rett og rimelig at den tradisjonen...

read more

Noko å sjå fram til!

Fronsbygdin 2016 levert frå trykkeriet Han er vel nøgd, redaktøren av Fronsbygdin, Rasmus Stauri, med boka som kjem i år. -Her er noko for alle - om oppvekst på eit småbruk i Ruste, om ein frøning i gapestokken og hærverk på Prinsehytta i Sikkilsdalen. Mellom anna....

read more

Ettertrakta bok!

Einar Hovdhaugens viktige bok frå 1974, Gardar og slekter i Fron i to bind, utgjeve av Fron historielag, er no til sals på eBay for omlag 2200 kr. Eller du kan få dei på amazon.com for ikkje mindre enn $280. Ikkje dårleg. Bind 2 om Nord-Fron er utseld frå...

read more

Denna ferbainna skatten

Kæin itte storingæin leva tå blann? https://youtu.be/9kkE5Ti7MVY PAUL HENRIK HAGE: Dette er ei gammal, samfunnskritisk vise sungen av Maria Lykkjom i eit opptak frå 1954. Eg har skrive ned teksta slik det høyrest ut for meg. Har du kommentarar eller forslag til...

read more

Arge bønder og olm okse

Slik er det på markvandring med historielaget https://youtu.be/kjj-BeNtlwk Sporet etter nye E6 er sikkert ikkje så vanskeleg å finne om 300 år. Men kva med dei gamle vegane som gjekk gjennom Fron? Du fekk ikkje med deg markvandringa 6. september? Slå følge her og få...

read more

Vel møtt på Heggerud!

Historielaget inviterer til markvandring tysdag 6. september Her budde sorenskrivaren og russiske offiserar. Hit flytta dei hus frå nikkelverket i Espedalen. Her er det gamle fangstgraver. Bli med på markvandring og få spennande gardshistorie om Heggerud gard tysdag...

read more

Maskulint

OL er over for denne gong. Desse karane dreiv kanskje og trente? Bilde frå Jon Ødegaard, fotografert av Mathias Melgard, skanna av Vegar Skar. Nokon som veit noko her? Melgard fotograferte fleire staute mannfolk: Ekte mannfolk står i kruttrøyk: Startar tidleg: og...

read more

Bilde frå Vinstra-utbygginga

Vinstra-vassdraget vart bygd ut frå 1947 til 1952. Frå Torstein Hagen har historielaget fått over 50 bilde frå Slangen-anlegget. “Fotografen var min far Halvor Hagen, som var anleggsleder”. Vegar Skar har skanna desse lysbilda. Nokon som kan bidra med opplysningar?...

read more

Valseter restaureres

Eieren av det tidligere Valseter pensjonat på Gålå varsler nå Sør-Fron kommune om at restaureringen av stedet starter. Det skriver GD. Og her er Dølen om saka. Tanken er at Valseter skal holdes åpent for spesielle arrangementer og utleie, i tillegg til å fungere som...

read more

Mangt og mykje anna enn mjølk

Eit under kva mjølkebilen fekk med seg Mjølkebilen var litt av eit fenomen og noko for seg sjølv. Dette bildet frå Paul Henrik Hage seier meir enn mange ord.  Mangt og mykje anna enn mjølk frakta bilen på gjennom mange år, fortel Margit Lykkjom. Det var fullt av folk...

read more

Historia om eit dynetrekk

Korleis Steberg-bunaden vart til KIRSTI KREKLING: I 1940-åra vart det funne att eit brodert ulltrekk på ei underdyne på garden Steberg. Det er vanskeleg å tru at dynetrekket kan vera tenkt til anna enn eit stasplagg - eit skjørt eller ein livkjole. Broderte bunader i...

read more

Kvinnene i Fron

RAGNAR ØVRELID: Maten, kleda, husdyra var kvinna sitt felt. Ho ordna opp etter måltida mens mannen kvilde, var med på slåtteteigen når mannen stod opp att, på lauvskjering og mosesanking. Ho bar ved og vatn og hadde dyrestell og fjøsarbeid, til maskinane kom og mannen...

read more

Om trolldom og roning og ei gamal svartebok

Torger T. Risdal/Ole Chr. Risdal: Ein gong på 1970-talet fann Torger T. Risdal eit utklipp om Svarteboka frå ei gamal avis, og i ein artikkel i Gudbrandsdølen tok han det opp att slik som det der var skrivi. "Dager da alt lykkes. Våren 1888 fikk professor Moltke Moe...

read more

Alle har fått dram

Dette bildet er frå Vinstra, seier Gudbrandsdalsmusea og Digitalt Museum, og det er tatt i 1945. Med norsk flagg. Og den merkelege kommentaren: Alle har fått dram. Feirar dei freden? Nokon som veit noko? Kommentar frå Ola Løkken: Dette bildet er frå heimplassen min,...

read more

Byfolk badet i brønnen

Litt om vasstrosten og maleren ADOLF TAGESTAD: På Gålå ble det flere byfolk hver sommer, travende om på setrene. Med noen av dem var det som med hesten, de kom igjen hver sommer. Noen av dem ble en fort kjent med, andre snakket en aldri med, men merket seg på grunn av...

read more