Tormod Bråten

Blir meldt til politiet

Hærverk på Bygdatunet Leiar Tormod Bråten fann dette på Bygdatunet. Foto: Kristin Veskje GD Nokon har gjort hærverk på Bygdatunet på Vinstra. Knust glasruter og rive ned steinmur. GD skriv om saka. Tormod Bråten, leiar i Fron historielag, seier dette: "Det er kanskje...

read more

Ring pinsa inn med matklokkene!

Ein god, gammal tradisjon som bør få nytt liv Matklokka på Veikle kjem til å ringe pinseaftan kl 17. Foto: Marit Håkenstad Ein gong var det tradisjon å ringe inn pinsa med matklokkene. Det song i bygda i vårkvelden. Ein god tradisjon som vart borte. Historielaget vil...

read more

Bli med på eit triveleg bygdatun

Vel møtt til dugnad onsdag 10. mai Godt lag på bygdatunet. Her frå ein open dag. Onsdag 10 mai kl. 18.00 inviterer historielaget til dugnad på bygdatunet på Vinstra. Så blir det vent og grønt til brurepara kjem og skal fotograferast, til smårolligane kjem og får litt...

read more

Dei gjekk på ski med slips

Mykje å sjå på denne togturen, ja! Bli med toget frå Lillehammer til Dombås i 1920! Utruleg morosamt å sjå. Folk og klede og bilar og ski og mykje anna. Mange gode bilde frå Fron. Terje Bjørkheim har gjort historielaget merksam på denne stumfilmen som...

read more

Storflommen i 1938

Likna ein amerikansk katastrofefilm Ein lastebil frå Kvam fossar gjennom flomvatnet i Vika mellom Kvam og Vinstra. Jernbanesporet ligg godt under vatn. Med så mange staute karar på lasteplanen er det vel rimeleg å tru at dei er ute på oppdrag i samband med flommen...

read more

Rutene dirra heilt innpå setra

Korleis var det å vera ung under krigen? Oddrun Stormorken Rudland som konfirmant i bunad sydd under okkupasjonen. Foto: H.H. Lie eftf. Oddrun Rudland frå Stormorken i Kvam var knapt 13 år da Noreg vart okkupert i 1940. - Ein og annan privat fest var det. Da hende det...

read more

Konfirmasjon i krig

Innkalla til ein streng prest LODVAR LARSEN:  Den 11. april 1940 vart ein heil del gutar, godt vaksne ôg, mobilisert for å slåss mot tyskarane. Mellom dei var min eldste bror Odd. Vi fulgte spent med på radioen og i aviser korleis krigen utvikla seg, og sist i månaden...

read more

Geita var den store vegbyggjaren

Skåbuvegen har vore eit gnagsår til alle tider Berre på turreste årstida er vegen nokolunde. Skåbuvegen 1919. MARTINIUS HØGÅSEN 1928:  I Vinstradalen har vi eit gamalt, rettvist vegkrav. Her er reist krav om ombygjing og fleire vender, men so har det...

read more

Fronsbygdin og Aftenposten

Kor finn ein journalist stoff om Einar Gerhardsen si hytte? Mange har glede og nytte av årboka vår, Fronsbygdin. Denne gongen er det Aftenposten. I bilaget "Hyttemagasinet" er framsideoppslaget "Arven etter bestefar - landsfaderen", der journalisten presenterer...

read more

Dette hadde vore eit bra påskeskirenn!

Ein gong var kanskje påskeskirenn det næraste vi kom karneval? Dette - starten på eit renn foran Vinstra hotell for omlag 100 år sidan - var nok alvor og ikkje karneval den gongen. Men ville vore det i dag, hadde vi iført oss så solide og stilige antrekk? Foto: H.H....

read more

Underleg påskekaffi i Skåbubaklia

Ta ikkje med deg råkaffi til Skåbubaklia RAGNHILD RINDHØLEN: Ei påskehelg kom det ein bykar rennande på ski nedover til Skåbubaklia. Han banka på ei dør og spurte om kjerringa der kunne selje han ein kopp kaffi. Nei, ho hadde ikkje noko kaffi å koke av, sa ho. Men det...

read more

Kva skjer med kvernkallen?

Innhaldsrik årsmelding med både matklokker og seterbok Eit godt og populært arrangement i året som gjekk: Markvandring på Lomsetra. Midt på biletet: Lokalhistorikar Anders Haugen (nå æresmedlem i laget). Til venstre for han ser vi Jan Karenstuen, som også bidrog med...

read more

To nye æresmedlem

Både flintbørse og vegvandring på godt årsmøte Ei stor og uventa ære, sa Anders Haugen - nå æresmedlem i historielaget. Han fekk også med seg heider til Lodver Bryhn, som ikkje var til stades. Eit godt besøkt og triveleg årsmøte med 44 til stades fekk siste nytt:...

read more

Bli med på ein rik tradisjon

Årsmøta i laget fortel om  tiltaksføre frøningar I dag, onsdag 29. mars kl 19, er det årsmøte i Fron historielag på Dale-Gudbrands gard. Når vi møtast der, er vi i godt lag med mange generasjonar som har skapt mykje. Ved lagets 75-årsjubileum i 2003 skreiv Ola O....

read more

Det blir eit triveleg årsmøte!

Velkomé åt Dale-Gudbrands gard onsdag 29. mars kl 19!  Seniorrådgjevar Geir Paulsrud i Norsk vegmuseum er museets fremste kompetanse på eldre vegar og vegbygging. Han deler litt av det han veit på årsmøtet i historielaget. Foto: Norsk vegmuseun Bli medlem i Fron...

read more

Så blodet rann og hårtoppan fauk

Ivar Kleiven fortel om omgangslivet før i tida «Slagsmaal i et Bondebryllup», Adolph Tidemand, 1858. IVAR KLEIVEN: Det er lite og tunt det som let seg sanke om omgangslivet i bygdene frå gamal tid, men det var rusdrikken som både i 16- og 1700-talet var grunnlaget for...

read more

Kald graut vart oppskoren i strimler

Litt om ein oppvekst under krigen OSKAR LETRUD: Eg kan ikke hugse at vi svalt, men det var klart enklare kosthald enn det er nå. Det var brukt ein del vassgraut, (byggmjøl, salt og vatn) med mjølk til. Om det var ei tid på vinteren vi ikkje hadde mjølk, kunne det i...

read more

Tre bjørner drept i Skåbu

Med staur og varm hilsen fra en Remington LILLEHAMMER TILSKUER 1883: Smed Peder Pedersen i Skåbu drog tidlig om morgenen den 30te avsted fra sitt hjem for å se etter nogen bjørner, som han hadde hørt skulle ha hatt sitt tilholdssted på Metungen, en skogstrekning på...

read more

Han åt hoggorm

Hansen på Fefor - kva var det for en kar? Gamle Hansen i 1953. Litt av ei historie og litt av eit liv. HANS PETTER KLEIVEN:  Han åt både kråke og skjor, til og med hoggorm. Han fiska, jakta, fanga vilt og levde eit spartansk liv. Ein fenomenal person, godt likt...

read more

«1889 Huttetu for vaar og veir!

Litt av kvart frå Vendalen BJARNE JETLUND: Vendalen er ei setergrend ca. 15 km frå Hundorp langs vegen mot Fagerhøi. Desse spreidde tankane frå Vendalen viser ein seterstul full av kulturminne. Desse er det viktig å ta vare på i den omforminga som nå breier seg...

read more

Dei kvidde seg for kalde sengeklede

Til fjells midtvinters for å hente fôr Tidene har endra seg på Haugsetra! Foto: Fredrik Weikle FREDRIK MOEN: Fjellet ga vinterføde til buskapen ved at ein hausta seterkveene med handreiskap som ljå og trerive. Det vart henta til bygda med hest og slede. Desse turane i...

read more

Ta ei tidsreise gjennom Fron

Alt det gamle postkort fortel! Du finn 309 gamle postkort i historielagets postkortalbum! Med motiv frå Furusjøen til Espedalsvatnet, frå Kvam til Frya. Her kan du verkeleg studere utviklinga i Fron gjennom meir enn 100 år. Har du fleire postkort? Vil du dele dei i...

read more

Hvor kommer du fra?

Bli med historielaget og slektsgranskerne på onsdag! 25 ivrige slektsgranskere møttes på biblioteket Vinstra forrige onsdag. De møtes igjen onsdag 1. februar fra kl 17 til 19 og skal komme i gang med egen granskning. Det er plass til deg også! Hvis du vil lete etter...

read more

Kjenner du slekta di?

Jo mer du veit, desto bedre kjenner du deg sjøl Kjenner du oldeforeldra dine? Her er oldeforeldra til leiaren i laget. SLEKTSGRANSKINGSKVELDER I BIBLIOTEKET VINSTRA Fron historielag inviterer sine medlemmer til slektsgranskingskveld på Nord-Fron bibliotek, onsdag...

read more

Dei kom aldri til Sydpolen

Robert Scott testa motorsleder på Feforvatnet i 1910 Litt av eit bilde. Engelskmannen Sir Robert Scott fraus ihel på veg tilbake frå Sydpolen, som han nådde 17. januar 1912, 34 dagar etter Roald Amundsen. Scott ville prøve å kjøyre til Sydpolen på motorsleder....

read more

Gardsbruk i Skåbu er framleis populære

Denne sida syner at det er frøningar over heile verda Som i 2021 fekk Ole Christian Risdals stadige oppdatering av Skåbu i utvida norske Gardsbruk flest klikk på denne heimesida i 2022. Der han har gjort eit omfattande og viktig arbeid med å oppdatere, finne...

read more

Da sauen trakka ned presten

Ei historie om korleis dei tok imot Guds mann i Skåbu GEORG MEGAARDEN: Veslumgutane var tre brør, Per, Ole og Øystein. Per var den eldste og ser ut til å ha vore føraren deira. Dei levde på garden Veslum, som ligg ved osen av vatnet Olstappen. Dei førde ikkje nett...

read more

Blodflekkar ved Ruste ungdomshus

Slåssing med kniv og avslegne flaskehalsar ODDMAR MYRUM: Ein morgon i 1935 var eg på veg til skulen og gjekk forbi Ruste ungdomshus. Eit skremmande syn møtte meg utanfor inngangen. Det var tett med blodflekkar over alt. Kvelden før hadde det vore dansefest, og somme...

read more

Nord-Fron må kvesse pennen

Oppfordring fra Tor Larsen i Dølen Å være til stede under det årlige boksleppet av Fronsbygdin, er en opplevelse i seg sjøl, skriver Tor Larsen i Dølen. Redaksjonssekretæren og redaktøren har opp igjennom åra skapt en ramme rundt dette boksleppet som gir et godt...

read more

I 36 år vandra Anne Heimlaus rundt

Fattigkommisjonen i Fron henta ho heim til Kvikne i 1868 Kvifor er vi så heldige at vi ikkje vart sette inn i verda for 200 år sidan? I 1867 skriv fattigkommisjonen i Oppdal til Fron at Anne Pedersdatter Olstad Skjefteskogen frå Kvikne nå er komen "i aldeles hjelpeløs...

read more

Blote til gudane, drikke øl og leve godt

Litt om kvifor høgtida heiter jul og ikkje har eit kristent namn Ordet jul er heidensk. I storparten av Europa har feiringa fått eit kristent namn: På engelsk Christmas  «kristmesse», tysk Weihnachten  «vienatt», fransk noël i tydinga fødsel. Men hos oss har høgtida...

read more

Gålå kunne ha vore kongeleg

Hadde ikkje svensk-norske kongen Oscar II vorte så fornærma KRISTIAN HOSAR: Oscar II, (konge i Sverige og Noreg 1872-1905) var på mange reiser i Noreg. Og svenskane oppdaga Fron for alvor! Golaa Høifjeldssanatorium vart bygt i 1892. Sentrale Kristiania-borgarar med...

read more

Arsenikk i separatoren

 Dramatisk barnedåp med forgiftning på Lo ERIK SØNSTELIE OG CHRISTIAN LO: Oktober 1936, den store barnedåpen. Margit og Iver har fått ei jente. Mange er invitert. Det er dekket til stor fest, men før middagen blir både Iver og Margit syke, må gå å legge seg. Da Iver...

read more

Det levde storfolk på Tofte

Et høvdingesete i bygdesamfunnet Victor Schlytter var redaktør i ukebladet Allers fra 1953 til 1974. Under krigen var han Milorg-mann og trolig en bekjent av Israel Krupp på Utistugu Tofte. I denne reportasjen fra Allers, ukjent dato, er han på besøk, imponert over...

read more

Hovdkaféen var samlingspunktet

Det sto 10-12 øyker tjora i rekkje utanfor Signe Hovden dreiv kafé heilt til 1971. Da hadde ho drive på sidan 1928. Før den tida sytte ho for serveringa på ungdomslagsfestane på avholdslokalet, det som seinare vart Lidarende. -Da det vart tømmerdrift oppi Elvdala,...

read more

Gode år i Sør-Fron

Historia om oppvekst på ein prestegard ØYSTEIN HOV: Å vekse opp på ein prestegard er spesielt. Sverre Hov var sokneprest i Sør-Fron i åra 1950-1974, og i denne artikkelen ser den yngste av ”presteungane”, Øystein Hov, attende på oppvekstår på prestegarden: Etter kvart...

read more

Historier frå mjølkerampa

Grisjin, Mora-Nisse og Hallgeir Brenden var samtaleemne FRODE ERSTAD:  Ein høyrer ofte: "Eg saknar mjølkerampa." Kring midten av 1970-talet var det fleire og fleire som fekk mjølketank, og utpå 1980-talet tok livet ved mjølkerampa slutt.  No tenkte eg å fortelja...

read more

Tyskerne kom stadig og banket på

Frå krigsdagboka til Iver Lo Tysk fly styrta ved Fagerli i april 1940. Bilde frå Johan Brandstad/Vegar Skar I 2015 samlet avisa VG personlige beretninger fra krigen 1940-1945. VG 9.4. 2015. Fra familien fikk avisa gardsdagboka til Iver Lo: Hele året hadde begynt...

read more

Dei var ikkje småkarar på dei store gardane

Men "de fornemme" heldt avstand til velhavande bønder RAGNAR ØVRELID: Presten Hjorthøy klagar i 1781 over at fronsbøndene er "meget overdådige i mat og drikke, hvilket de anser for deres fornemste goder i livet." Når bondesønene skal gifte seg, ser dei helst på det...

read more

Mannen med detektoren

Møt Tormod Bråten, nye leiaren i Fron historielag Første oppgåva som leiar i historielaget: Velkomen til boklansering! Når du held ei spenne i handa - du veit at du er den første som ser ho og kjenner ho på 1500 år - det er ei spesiell kjensle. Seier Tormod Bråten,...

read more

Smekkfullt hus og mange godord

Da Fronsbygdin 2022 vart lansert https://videopress.com/v/RZm6r4HK?resizeToParent=true&cover=true&preloadContent=metadata&useAverageColor=true Janne Urkegjerde, Synne Kjøk og Hanne Kjøk frå landslina i folkemusikk ved VVS fekk opp temperaturen på...

read more

Ny leiar i Fron historielag

Tormod Bråten tek over etter Egil Myhre Tormod Bråten jobbar som elektrofagslærar ved Vinstra vidaregåande skule. Utdanna elektroingeniør. Likar å halde på med friluftsliv, historie, slektsgransking og  metallsøking. Du treff den nye leiaren på lanseringa av...

read more

Kvinna i mjølkebilen

Du møter ho i biblioteket på Vinstra torsdag 27. oktober Den kvinna som tittar ut gjennom vindauget på mjølkebilen. Kven er ho? Ta turen torsdag 27. oktober kl 19 til biblioteket på Vinstra. Der kan du få Fronsbygdin 2022 i handa for første gong. Det er alltid...

read more

Bjørnen drog elgen på land for han

Anders Massing veida bjørn og elg tett ihop Ill: Trom blogg.no IVAR KLEIVEN: Anders Massing var sterk og før og hardsett som ulv og bjørn. Mellom 1700 og 1750 var han i si fulle makt. Kor mange bjørnar han skaut, hadde han nok ikkje tal på. Han skaut ein 800-900...

read more

Bli med til seters i 1937

Eineståande film frå Isum OLE CHR. RISDAL: Anne Marie Tron blei fødd på Isum i 1918. Som vanleg var på den tida, måtte ho tidleg lære seg til å arbeide. Nokre av dei finaste barndomsminna ho har, er livet på setra. I 1937/38 skulle også seterlivet bli foreviga. Det...

read more

Nå er også Vinsterlia med

i oversikten over gardsbruk i Skåbu Vinsterlia er no lagt til i Skåbu i Utvida norske gardsbruk på denne heimesida. Det gamle pensjonatet har vore eit landemerke i bygda i over 100 år. Sjølv om det ikkje har vore drive noko jordbruk her, så har det iallfall vore...

read more

-E spæinne hol ti bassen din!

Ein feststemt kar ville danse meir HARALD RUDI: Eit ungdomslag i bygda skulle feire jubileum, ei lang rad menneske var invitert, gamle som unge. Feiringa gjekk føre seg midt i femtiåra. Her vart servert tradisjonell landsens mat - rumgraut og spekemat, drikke var...

read more

Hadde hesten falle utfor, ville han hoppa etter

Da Einar og "Sjennin" skulle over Augla FRIDE GUNN RUDI: Einar Rolvsbakken begynte som gardskar hjå Rønnaug og Lodver Dalseg, på Sygard Dalseg, da han var 17 år gammal. Der vart han ved å temme ein unggamp med ei kvit stjerne i skallen, som fekk namnet ”Sjennin”. ...

read more

På Lo var det styggmykje underbuande

Derfor kom Lo-hornet til gards IVAR KLEIVEN: Mannen på Lo hadde vore nordpå vollen mot Sorperoa og funne att gampen sin. Da han reid attende til garden, møtte han eit framandt kvinnfolk, som ville skjenke han ut av eit vakkert horn. Mannen tok imot hornet og lot som...

read more

Den elskede landsmoder i Fron

Dronning Sophie på Hundorp, Listad og Heggerud MORGENBLADET 16. juni 1883: Ved reisen gjennem søndre Fron stanset Hennes Majestet i nærheten av enkefru Randklevs smukke og historisk bekjente eiendom Hunthorp, hvor en tallrik skare av enhver stand og alder fremmøtte;...

read more

Skål og hurra for Fron skytterforening!

Mykje punsj og ein taletrengd prest     PER AASMUNDSTAD skreiv eit fantastisk dagboksnotat onsdag 8. oktober 1862, der han skildrar ein skyttarkonkurranse med påfølgjande fest. Her er det mykje punsj, salutt, song, ein taletrengd prest og ikke så reint lite nasjonalt...

read more

Eit traust folkeferd braut opp

Dei fleste som utvandra til Amerika, var unge folk EINAR HOVDHAUGEN: Kvikne - Skåbu er den del av bygda som hadde den absolutt største utvandring. Her hadde utvandringa eit omfang som ein nesten kunne tru ville føre til avfolking. Men fornyingskrafta i folket var...

read more

Givande markvandring på Lomsetra

Vel 50 personar møtte opp til markvandringa på Lomsetra førre sundag. Det blei ein svært triveleg og innhaldsrik dag. Det var som vanleg Anders Haugen og Lodver Bryhn som stod bak dette. Dei hadde alliert seg med Jan Karenstuen, Ragnar Thor Mariasson og Olaf Nøkleby...

read more

Triveleg og interessant bygdekveld i Kvikne

Det blei ei fin stund da Fron historielag arrangerte bygdekveld i Kvikne onsdag kveld. Det heile starta med at Kristian Ekre viste oss rundt i den nyrestaurerte kyrkja. Han delte av sin breie kunnskap og vi fekk god forståing av korleis restaureringa hadde foregått....

read more

Foregangsfolk i Nord-Fron, sinker i Sør-Fron

Strøm fra Lofossen i 1910, fra Ulbergåa i 1917 ASBJØRN RINGEN: I elektrisitet og kraftutbygging var nord-frøningene foregangsfolk, mens sør-frøningene var sinker. Elektrisiteten lyste opp flere norske bygder et tiår inn i det nye århundret. I Lillehammer hadde underet...

read more

Namn i Fron: Bergdal

Har ikkje noko med berg å gjere Bergdal skule omkring 1955. Ikke berg, men kanskje bær? BRIT NILSEN: Grenda Bergdal ligg lengst sør i Sør-Fron på austsida av Laugen. Den eldste skriftlege kjelda vi har for namnet, er frå 1520, da vart det skrive Berdall. I andre...

read more

Namn i Fron: Brekka

Stor bakke BRIT NILSEN: Grenda Brekka på austsida av Laugen mellom Vinstra og Kvam har eit namn som kjem av det gamalnorske ordet brekka, med tydinga "stor bakke". Dette høver godt på det bratte terrenget her. Brekke er brukt i stadnamn i heile landet og i Norden...

read more

Namn i Fron: Kollo

Den mørke, svarte BRIT NILSEN: Kollo er både eit gards- og grendenamn på grenda mellom Kvam og Sjoa. Vi kjenner namnet første gongen nedskrive frå 1668, Koelen. Dette namnet er laga av gamalnorsk kol, trekol, slik vi brukar det også i dag. Forskarane meiner namnet...

read more

Namn i Fron: Vinstra

Den som går i krok og slyng? BRIT NILSEN: Elve- og vatnnamnet Vinstra har ôg gitt namn til stasjonsbyen Vinstra. Det fleste forskarar har tolka namnet som "den venstre", fordi elva ligg på venstre sida av hovuddalføret når ein fer oppover dalen. I en artikkel frå 1978...

read more