Ramma rundt den opne dagen på bygdatunet i går var heilt perfekt, men publikum svikta. Knapt 20 personar var innom, sjølv om vi lokka både med gratis kaffi og heimesteikte vaflar, og ikkje minst demonstrasjon av både smiing, oppgangssag og maling av korn. Det vart...
Video!
Mandag førstkommande går fristen ut for å vera med å tevle om 10 000 kr i historielagets konkurranse om beste lokalhistoriske video. Vi ber om at du lagrar videoen i you-tube-format om mogeleg: HD 1080p widescreen. Og at den ikkje inneheld musikk med opphavsrett. Du...
Monument i Fron: Olavshaugen på Hundorp
Den sentrale gravhaugen på Hundorp har hatt fleire namn. Etter 1907 har namnet «Olavshaugen» vore mest brukt. På 1800-talet vart haugen kalla «Gudbrandshaugen». Namnet «Langjordshaugen» er også kjent, men har ikkje vore brukt i nyare tid. Ingen veit kven eller kva som...
Har du bøker du vil selje?
Ligg dei i ei kasse eller står i ei hylle, og du veit du kjem aldri til å lese dei meir? Sel dei til Fron historielag. Vi er utselde for Einar Hovdhaugens Gardar og slekter i Fron, bind 2 og Ragnar Øvrelids Historia om Fron, bind 1. Det er ikkje bra. Vi må ha dei i...
Har du sett ei oppgangssag i drift?
Der sagbladet går opp-og-ned og ikkje rundt? Har du sett ei vassdriven kvern som gjer korn til mjøl? Har du sett smeden arbeide i smia? Nå har du sjansen. Laurdag 6. september er det open dag på Bygdatunet på Sødorp frå kl 13 til kl 16 med god stemning rundt gamle...
Tor Øyen og svartboka
FJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 1934?: Det er ikkje lenge sidan han levde, han var nokre og nitti år den vinteren då bestemor tente der. Han hadde fått tak i svartboka, og henne var det berre så vidt han vart kvitt. Ein gong brende han henne, men ho kom att likevel. Men så...
Per Skreddarstugun og fjoset på Hov
FJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?: Det var ein gong ein som heitte Per Skreddarstugun. Han skulle ha opp eit fjos åt brukaren på Hov. Han skulle ha det i stand til dei reiste til setra om våren. Brukaren på Hov var grinut åt 'om, fordi han ikkje tok til snøgt nok, men så...
Du har 13 dagar på deg
http://youtu.be/yvQEB68Mph4 Til å vera med på Fron historielags konkurranse om den beste lokalhistoriske videoen frå Fron. Videoen skal vera på omlag 10 minutt, kan byggje på intervju, demonstrasjon av praktisk arbeid, gamle foto og filmar. Juryen legg vekt på...
Kongen tala utur huggu’e
HANS PETTER KLEIVEN: Før påske i 1946 vart det kjent at kongefamilien ville feire påska i hytta si i Sikkilsdalen. Det vart ôg kjent at kongefamilien ville koma med nattoget til Vinstra og palmelaurdagen gå frå stasjonen til Amundsens Hotell, der dei skulle eta...
Kan noen hjelpe?
RUTH GAUSTAD: Henvender meg til Fron historielag med et spørsmål som har tilknytning til Fron. Løytnant Johan Høyer, f. 1827 var i Det Fronske kompanie. Han får 03.12.1860 en sønn med Berte Hansdatter Stenbakken fra Svatsum. Gutten får navnet Peter, og i folketelling...
Du har 19 dagar på deg
[youtube=http://youtu.be/FFb21Bmd2ZE]Til å vera med på Fron historielags konkurranse om den beste lokalhistoriske videoen frå Fron. Videoen skal vera på omlag 10 minutt, kan byggje på intervju, demonstrasjon av praktisk arbeid, gamle foto og filmar. Juryen legg vekt...
Gausdalskjempane gjekk ut av leiken med skam
IVAR KLEIVEN: Amund Liltjem frå Kvam var ein overlag godkar, velvaksen, før og hardsett. Han fekk gifta si frå Jefse i Gausdal, og der på garden stod gjestbodet deira ôg. I desse tidene var det ofte det kunne gå noko vilt til i gjestboda, for det var støtt god råd på...
Kan du fronsmålet? Svar:
Furulus er a: Barkebille. b. Fuglekongen. c: Ekornunge. Spikjitet er a: Liten, mager unge. b: Kjøttmeis. c: Fleskebille. Gulskurv er a. Gulsporv. b: Modent korn. c: Løvetann. Mølluksè er a: Larve. b: Møkkete okse. c: Tordivel Gåløye er a: Døgnflue. b: Blåfiol. c:...
Sveltihelbruket som er for lite brukt
http://www.youtube.com/watch?v=mk8AYdyLHw0 JOHANNES BRANDVOL: Milsteinstugu i Sødorp, som nå er bygdatun i Fron, må ha vore eit ekte sveltihelbruk, ei lita lykkje med skrinn og turr jord. Milsteinstugu må ha vore eitt av dei aller skrinnaste husmannsbruka "med jord."...
Det store alpinanlegget i Kongslia
HANS PETTER KLEIVEN: Det er berre "Amundsen" att av dei mange reiselivsverksemdene som tok til i dei optimistiske åra etter at jernbanen kom til Vinstra i 1896. Skulle ein på Vinstra likevel ha satsa på det store alpinanlegget i Kongslia i 1970? Den gongen kunne ein...
Kan du fronsmålet?
ODD MIDTLIEN: Kva er rett? Furulus er a: Barkebille. b. Fuglekongen. c: Ekornunge. Spikjitet er a: Liten, mager unge. b: Kjøttmeis. c: Fleskebille. Gulskurv er a. Gulsporv. b: Modent korn. c: Løvetann. Mølluksè er a: Larve. b: Møkkete okse. c: Tordivel Gåløye er a:...
Fest for Kvikne-kyrkja
Søndag 17. august er det jubileum i Kvikne. Kyrkja blir 250 år. Festgudsteneste med biskop Solveig Fiske og prost Paul Gunnar Skuland. Mange tidlegare prestar i Nord-Fron deltek. Frå kyrkja blir det så prosesjon med musikarar frå Mukampen spelemannslag til bygdahuset,...
Nå er det berre tida og vegen!
[youtube=http://youtu.be/Czjp3NsEiPk]Har du idear og lyst til å lage ein lokalhistorisk video og vera med og konkurrere om 10 000 kr i premie, er det verkeleg på tid å gå igang. Frist for innlevering: 8. september. Du finn idear og tankar her. Og reglane for...
Hans Petter Kleiven såg kva dette kunne bli
RAGNAR ØVRELID: Til å begynne med var Per Gynt-stemnet lauseleg organisert. Det var utgått frå reiselivslaget og turistkontoret på Vinstra, ei sjølvvald nemnd. Dei etablerte seg i 1966 med tanke på eit stemne året etter hundreårsminnet for Ibsens Peer Gynt. Dei var...
Megardsriddaren
FJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?: For 300 år sidan stod det ei kyrkje på ein gard som heiter Megarden. Og så var det ein riddar som heitte Megardsriddaren. I Heidalen budde det ei kjempe som folk kalla Heidalskjempa. Megardsriddaren og Heidalskjempa var ofte sinte på...
Var Per Gynt svensk?
IVAR KLEIVEN: Det er nok heilt visst at Per Gynt har vore brukar og budd på Nordigard Hågå på Sødorp, men noko sikkert om tida og livssoga hans er det vanskeleg å få tak i. Og korleis Gynt-namnet er lagt på han, er det heller ikkje noko å få veta om, kanskje er det et...
Berre ein månad att!
[youtube=http://youtu.be/Rw_dMM58wQc] Fristen for å vera med på videokonkurransen til historielaget går ut 8. september. Du konkurrerer om 10 000 kr i preimiar. I Fron kan ein berre ause av tema for ein lokalhistorisk video. Mange gamle kjem aldri til å skrive ned...
Gardsbumerkje i Fron
IVAR KLEIVEN: I dei siste to, tre mannsaldrar er bruken av bumerkje falle bort, og på ein mengde gardar er merkje heilt bortgløymt. Men kvar gard i ei bygd skulle ha sitt eige bumerkje, som vart hogge på tømmer og skåre eller rissa på kopper og kjørel. Dei er nok...
Gammel kriger ved veiens ende
FRÅ GÅMÅLT FRÅ QVAM: Da tyskerne kapitulerte i maidagene 1945, ble alt krigsmateriellet de hadde tatt med seg til Norge, konfiskert av de allierte. Mye av dette ble solgt på det sivile markedet for privat bruk. Det norske forsvaret foretrakk å benytte engelske eller...
Slangen Seter i Skåbu
OLE CHRISTIAN RISDAL: Slangen Seter er ei perle i Skåbu. Staden har rike tradisjonar attende til 1800-talet. Til å byrje med var Slangen vår- og haustseter til garden Nedre Skåbu, men etter kvart vart det turiststad og er i dag eit skikkeleg trekkplaster for...
Fore gris i bunad
Dei fekk kjeft
Peer Gynt ved Gålåvatnet ein suksess sidan 1989? Nei. Er økonomiske problem noko nytt? Nei. Dei fekk mykje kjeft, dei som sette i gang: Heilt utan økonomisk styring. Alt kom seint i gang, dårleg bemanning, altfor mange oppdrag på fritida til få personar. Sviktande...
Gålå handel
ASBJØRN RINGEN: Anne Sofie Wadahl Nord og Per Nord har drevet Gålå handel i 30 år. En ekspansiv virksomhet. Det startet i 1959, da Asbjørn Wadahl bygde en hytte, der han ville prøve seg med fjell-butikk. Dagens lokaler på nærmere 1000 kvm. representerer mange...
Odd Kjorstad – ein sterk personlegdom
RASMUS STAURI: Odd Kjorstad frå Harpefoss døydde på Sørheim omsorgsenter i Sør-Fron 3. juli. Han vart vel 95 år og fekk eit langt og innhaldsrikt liv. Han arbeidde som lærar i fleire skuleslag, og den lengste arbeidstida fekk han som lærar ved Ringebu folkehøgskule,...
Anne og huldreguten
FJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?: For lenge sidan var det ei ung jente som heitte Anne Rykhus. Ho var på budeie på ei seter. Så vart ho kjend med ein huldregut, og dei skulle snart gifta seg. På setra hadde dei ein nauthund, han skjøna at det var noko gale på ferde og...
Pilegrimsvandrar i Fron
TORMOD BERGER: Det er ofte slitsamt å vera pilegrim. Spesielt viss du vandrar langt, og spesielt viss du følgjer pilegrimsvegen oppover Gudbrandsdalen. Med tung bør skal du høgt opp og bratt ned. Og om ikkje anna så oppdagar du i allfall den fantastiske utsikta, den...
Broka datt tå’om
FJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?: Gamle- Fredrik Fosse, han var født i 1788. Han og Hans Dalen låg på Kubben på fiske. Om morgonen fekk dei sjå ein reinsflokk. Han Hans drog på seg broka, men gløymde å ha på seg hengslin. Så skaut han på reinen så broka datt tå’om. Han...
Spelemennene Jehans Knuta og Amund Grisibu
RASMUS STAURI: Høyr Sør-Fron spelemannslag med en vals i tradisjon etter Jehans Knuta. Vil minnet om dei gamle spelemennene i bygdene bli gløymt i vår hektiske og travle tid? Dei er fargeklattar i eit samfunn der anglo-amerikansk kultur svevar over og inn i hovuda...
Huldra på Åkre
FJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?: Det var på Åkre ein gong ei jente som heitte Oline, ho var budeie der. Så ein kveld var det borte ei ku for ho, og tok av stad og skulle leite etter ho. Da ho kom nedmed Åkervatnet, møtte ho ei annor jente som ho ikkje kjende. – Har du...
Då Erek Skreddarstugun mista hovudet
FJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?: Det var ein gong kjerringa åt 'om Erek Skreddarstugun stod og stampa graut. Då vart ho så sint at ho slo til mannen sin i hovudet med sleiva så det trilla burtetter golvet og under benken. Ho vart redd og flaug burti smia åt far hans....
Ein snau kar frå Heidal og kjerringa med synåla
FJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?: Det var ein gong ein mann, ein snau fekar frå Heidal, som dreiv på med å setja op eit gjerde. So kom det bortåt honom ein mann med raudt hår og spurde: "Var du ikkje med då Vår-Herre skifta ut håret, du då?" "Jau," svara den snaude,...
Dei kviskrar så stilt under felden
Dei to inni selet ligg glade og yr, og kviskrar så stilt under felden; - for kroken på innsida krøte dei på - - og om det kjem udyr - det vert vel ei råd guten han er her så sjelden. Etter at budeiene hadde gjort det som gjerast skulle og var nedkomne frå fjellet,...
Det første Peer Gynt-stemnet
RAGNAR ØVRELID: Når Pål Kluften fekk idéen til Per Gynt-stemnet i 1928 veit vi ikkje. Men han hadde lenge interessserte seg for segner og lokale tradisjonar om Per Gynt, og hadde skrive om det i Oslo-avisene. Kluften var ein god ven av forfattaren Johan Bojer og fekk...
Skrivaren i grana
FJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?: Anne Rykhus var ein gong hos skrivaren, og ho spurde han: "Hengjer det seg eit menneskje kvar veke?" Då vart skrivaren sint og svara: "Du tull-Guri, du æ! Du skuld sjølv vore hengt i den store grana utafor her." "Gud nåde deg, du kjem...
Slektsbøker i Fron
Det er skrive mange og gode slektsbøker i Fron. Her på heimesida til Fron historielag bør det vera oversikt over dei. Hjelp oss, så denne lista blir så fullstendig som mogleg. Send bilde av framsida og kort samandrag av boka samt om og kor ho er å få tak i – til...
Arnfinn Engen er død
RASMUS STAURI: Det kom svært uventa at Arnfinn Engen (1944-2014) brått gjekk ut av tida. Alle som er interessert i lokalhistorie og kulturhistoria i Gudbrandsdalsdalen, har vorte mykje fattigare. Han hadde også fleire viktige verv i organisasjonslivet, og var i det...
Kva dei fann langs E6
Gudbrandsdalsmusea melder: Gardsbutikken på Dale-Gudbrands Gard er ope. Lokale mat- og handverksprodukter til sals. I tillegg kan du sjå utstillinga "E6 og arkeologi" samt høyre den tusenårige historien til Dale-Gudbrands Gard - Oppland Tusenårsstad - digitalt...
Vis-Knut og ulla
FJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?: Det var eingong ei kjerring som spurde han Vis-Knut etter noko, og ho tok med seg noko ull til han. Men som ho kom på vegen eit stykke, tykte ho at ho hadde teke med seg for mykje. Og så gøymde ho att noko under ei gran. Men då ho kom...
Du kan gjere det betre
På denne videoen fortel Ingemund Midttveit om det som hende da heimbygda hans vart hardt råka av krigen i 1942. I Fron kan ein berre ause av tema for ein lokalhistorisk video. Og du kan vinne 5000 kr, blir du med på konkurransen til historielaget. Mange gamle kjem...
Vis-Knut i lauvskogen
FJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?: Ein gong Vis-Knut var i lauvskogen, tok det til å stridregne, og då tok han ein lauvkjørv som han skulde halde over seg. Men han sleit seg frå han . "Eg fekk nok ikkje da denne hell eg," skulde han ha sagt.
Vis-Knut: Slik vart han vis
FJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?: Han Vis-Knut tok til å få visdomen sin ein gong han skulde til kyrkja. Han gjekk til grannegarden dagen fyrr, og der var han natta over, og om morgonen då han skulde til kyrkja tok han beinast gjenom åker og eng, men det syntest ikkje...
Segner som takk
OLE CHRISTIAN RISDAL: Grosserar Tønder Bull frå Oslo kjøpte Fjellheim i Skåbu omkring 1920. Han tok i bruk plassen som feriestad og vart svært interressert i Skåbu. Han gav mellom anna døypefonten da bygda fekk eigen kyrkje i 1927, og han kjøpte inn ein del utstyr til...
16 korntønner fra Steig
ASBJØRN RINGEN: Behovet for fattighjelp var skrikende, evnen til å betale var liten. I 1774 døde Anne Iversdatter Steig, og hun testamenterte 49 riksdaler til de fattige. Hun var kone på storgarden Steig, og visste at mange i bygda levde under helt andre vilkår enn...
Fråversgrunnar: mangel på mat eller klede
ANDERS NUSTAD: I Ruste Skoledistrikt var det tre roder, søndre, midtre og nordre. ”Skole skulle holdes 21 Uger aarlig”. Omgangsskulen flytta frå gard til gard med ei veke på kvar stad. Dei største gardane hadde skuleplikt ei veke kvart år, dei middelstore ei veke...
Det vart ein annan dans borti Lia
TORDIS IRENE FOSSE: I 1953 kom ho Målfrid Vik frå Østfold. Ho var den friskaste innflyttarpusten ein kunne tenkje seg, ein virvelvind. Ho var ung og rund og sette i gang med alt: Ho var med i songkor og amatørteater, studiering i husmorlaget og fekk i sving ein...
Dokkalykkja
TOR LARSEN: For oss gutar som voks opp i Sorperoa på 60- og 70-talet var lykkjefotballen ein del av oppveksten. Der vart grunnlaget for livslange vennskap lagt, og ein og annan brukbar fotballsparkar vart det av sume også. I Sorperoa var «drømmenes teater»...
Kvam smie og mekaniske verksted
ASBJØRN RINGEN: Ottar Tungen, selvlært mekaniker og rørlegger med røtter på baksida i Kvikne, kom til Kvam i 1936. Han var 28 år gammel og hadde jobbet noen år i verkstedet til Thorsheim på Vinstra. Han begynte hos Smestad & Sætre som mekaniker, med ansvar for å...
Industrieventyret i Lia
(reblogga frå 22.8.2013) ASBJØRN RINGEN: Lia i Sør-Fron var lenge Gudbrandsdalens største industriområde. Bortimot 200 personer hadde sitt arbeid og utkomme der i glanstida. I dag er det bare et tjuetalls industriarbeidsplasser i Lia, selv om de gamle industribyggene...
Husmannsguten frå Kvikne som skar brennevinsdonken
IVAR KLEIVEN: Ein husmannsgut frå Fron kom til å vinne seg eit bra namn som treskjerar og bilethoggar. Han heitte Ola Jakopsson Laulo og er fødd på ein plass Espe under Vistad i Kvikne. Far hans døde da Ola var 8 år, og mora må ha reist til Oslo og slite seg igjennom...
Ord for dagen
Nå vart det stilt, sa Skrukken, han baud fram kjerringa si på auksjon. Ingen veit kva ein har før ein skal til å flytta, sa kjerringa, ho stappa det ho hadde i ei hosolegg. Ein skulle ha tri kjærestar, sa jenta, for om ein sturter og ein furter, har ein enda att ein....
Gardbrukarane forandra nødig bruksmåten
RAGNAR ØVRELID: Bøndene i Sør-Fron held altfor mange krøtter og hestar. For å halde liv i budskapen gjennom vinteren med sveltefôring, kjører bøndene dagleg til fjells for å hente høy, mose og ris. 20 skikkeleg fôra dyr ville gi meir mjølk og gjødsel enn 30 dårleg...
Med fortida inn i framtida
Kva for rolle kan Fron historielag spele i dei omskiftingane som nå skjer i Fron? Korleis styrke interessa for det lokalhistoriske engasjementet? Kva for kompetanse bør ein ha i styret? Kva for nye arrangement kan laget dra igang? Torsdag hadde styret og redaksjonane...
Ta med deg kobjelde
PER ÅSMUNDSTAD: Embjørg Tøftehaugen utvandra til Amerika i 1869, og ho kjem med gode råd til syster si om korleis ho skal bu seg på reisa over havet: Du skal have med deg et og andet av dine småsaker du har, vist du kommer til å reise, såsom din morter og kobjelde og...
Fly over Fron
med NRK og sjå nye E6 bli til.
Veldig moro
Fra NORARK: Vinstravassdragets østligste og lavestliggende vann er Olstappen. Det er langs dette vannet at snøen har smeltet og kulturminnene er tilgjengelig for oss arkeologer, for øyeblikket. Fjorårets sesong var spennende og førte til dateringene av brent elgbein,...
Nokon som tar utfordringa?
[youtube=http://youtu.be/Fdynp0joKxg] Fron historielag har invitert til konkurranse om den beste lokalhistoriske videoen frå Fron. Kr 10 000 i premiar. Frist: Måndag 8. september 2014.Vi hadde òg eit tilbod: "Historielaget vil innby til ein verkstad i mai, der dei som...
På tide vi blir kompisar att
Kvam og resten av dalen har dei siste åra fått oppleve naturen demonstrera kreftene sine på brutal måte, skriv Håkon Sveen i bloggen sin i GD. -Trening gjer mester, heiter det. Men Vårherre, eller kven det nå enn er som styrer med oss, kan da vel snart seie at nok er...
Heia jødene
Israel Krupp er på plakaten når Jødisk Museum i Oslo markerer de 200 årene med norsk selvstendighet med en utstilling. Det er han som bryter målsnora. Israel Krupp skapte mye i Fron. Frøning ble han kanskje aldri, men han hadde fabrikk i Lia og hus og gard på Tofte....
Ta ut blod av trollkjerringa når ho blir brent
IVAR KLEIVEN: Ei trollkjerring var brent på den plassen som vart kalla Båle. Da dei følgde ho til rettarstaden, batt dei for augo hennar, for dei ottast for at ho kunne ha makt til å gjere olykke med dei vonde augo sine. Og da ho skulle rettast og dei løyste frå augo...
Registreringskurs på Dalseter tysdag 27. mai!
I samband med kulturminneregistreringa i Skåbu, vil arkeologane arrangere kurs i registrering av kulturminne på Dalseter Høyfjellshotell fyrstkommande tysdag klokka 17.30. Fyrst kan alle kose seg med ein god kaffikopp og noko frukt i konferanserommet, og samtidig få...
Husgåta i Fron
IVAR KLEIVEN: Etter folkesagnet stod det to munkeklostre i Fron i medelalderen, det eine på Grytting og det andre på Rolstad. Om desse husa finst det ikkje noko i gamle fornbrev, men både Gerhard Schjøning og presten Hjorthøy fortel om dei, og den gamle bygninga på...
Sankt Olav og ormen
IVAR KLEIVEN: Da Sankt Olav kristna dalen og kom til Fron etter slaget på Breden, fór han på vestsida gjennom Ruste og heldt rast på Bø. Somme seier det var på Lomoen. Kongen og mannskapet kvilte og åt under bar himmel, og mens dei reidde opp maten, kom det rennande...
Men kva med dei som slost i 1814?
CARL HENRIK GRØNDAHL: Dei fekk rikt med godord i dag, eidsvollsmennene. Vel og bra. Men kvifor tillet vi oss å gjøyme at i månadene som fulgte etter 17. mai 1814, blødde og døydde mange unge norske menn for at grunnlova skulle overleve? Og mange av dei var frå Fron....
Historia om GoL
RAGNAR ØVRELID: Slik var starten på Gudbrandsdal landsgymnas, som opna dørene på Vinstra i august 1946: Skoleromma på det gamle sommarhotellet Furuheim, bygt i 1890, var temmeleg primitive, og dei var kalde. Vedomnane greide ikkje å varme opp det gisne huset. To av...
Om Breiveg-slekta
WENCHE BREDEVEIEN: Interesse for slekt har eg nok arva etter bessmor. Eg har samla slektsopplysninger i mange år, og etter eg vart førtidspensjonist, aksellerte interessa og disponibel tid, og dette arbeidet resulterte i SLEKTERS GANG, Breiveg-slekta frå Sør-Fron. Og...
Dei fann kvarandre etter Svartedauen
IVAR KLEIVEN: Svartedauen sopte det folketomt både i Kvikne og Skåbu. Berre eit einaste menneske levde att etter sotten, og det var ein ung gut frå Megard i Skåbu. Han tok på vidda og ville leite etter folk som var i live, gjekk over fjellet og kom til Slette i Heidal...
Karl Johan i Fronskyrkja
IVAR KLEIVEN: Da Karl Johan var kront i domkyrkja i Nidaros om hausten 1818, reiste han over Dovrefjell og gjennom Gudbrandsdalen på attendeferda. Da han kom til Fron, stana han for å sjå på Fronskyrkja, som den tida var rekna for ei av dei sværaste landskyrkjene. Det...
Skolehusa i Fron hadde sitt eige preg
RAGNAR ØVRELID: Ved sida av huset: utedoen med den spesielle lukta av renna på staden til gutane, og av fulle eller overfylte stampar, med gamle aviser som tolettpapir og "Kooperatøren" med det glatte, umulege papiret. Der smugrøykte gutane og utveksla meir eller...
1814: Ei luve med breitt sølvband
IVAR KLEIVEN: Hallvor Båssån frå Kvam var òg med i skansen ved Onstadsundet, og han prata om kor kvasst dei skaut med dei to kanonane ved Langeneset: "Dæ va som ner tu tryskare held vanleg tustslag", sa han. Da svenskane drog seg attende, fekk Hallvor hug til å sjå...
Sensasjon i Skåbu
Arkeologer kan nå slå fast at det var mennesker i Skåbu for 10.000 år siden. Funnene er sensasjonelle i Norge, skriver GD i dag. – Kan dette være spor etter den første befolkningen i landet? spør avisa. – Nei, det finnes eldre dateringer fra langs kysten, rundt 9.000...
1814: Tok hovudet av ein svensk løytnant
IVAR KLEIVEN: Endeleg nådde vi året 1814, og siste ufredskula med dei gamle grannane våre attafor kjølen braut laus. Alt var som å stire inn i svarte vonløysa: ein mannsterk fiende med stormaktene bak seg, mens i Noreg var det uår, matløyse og eit øydelagd...
Ei innestengd bok?
CARL HENRIK GRØNDAHL: Dei fleste har hørt om Ivar Kleiven og det nybrottsarbeidet han gjorde, da han skreiv det grundige lokalhistoriske verket Fronsbygdin, som kom i 1930. Men kor mange har lese boka? Han skriv godt og levande, Ivar Kleiven, men han skriv med ”ånda...
Det vart ikkje meir sabotasje
RAGNAR ØVRELID: Nokre norske soldatar vart oppdaga på Rusthågåsætra fleire veker etter at kampane i Fron var slutt i april 1940. Folk frå Fron ville hjelpe dei med sivile klede og mat, men vart temmeleg tøft mottekne. Desse karane ville aksjonere mot tyske tropper og...
U-sola og ferdigbleika!
-Ha é visst at du va med, skull é haft på mé sveisebrillun mine, kommenterte ein publikummar treffsikkert da «atleten» inntok banen med marmorblåe legger og lår. Skriv Håkon Sveen i blogginnlegg på GD, der han spør: -Kvifor var interessa for lokalfotball så mykje...
Tyske soldatar skulle ha mat og sengeklede
RAGNAR ØVRELID: Våronn vart det ikkje i Fron før ut i mai-juni. 1940. Krigshendingane hindra det. Det same gjorde den seine våren. Så seint som den 25. april kunne soldatane gå over elveisen mange stader. Sør-frøningane var dei som først kom tilbake til den vanlege...
På hogget
Kan du sele på ein hest?
Lyst til å lage ein video? Som fortel noko om Fron før i tida? Vera med på historielagets videokonkurranse? Med premiar på til saman 10 000 kr? Meld gjerne frå i kommentarfeltet her om du tenkjer på det, så veit vi litt meir og kan ha kontakt. Kva er det som egnar...
Vart skoten da ho skulle hente meir klede
RAGNAR ØVRELID: Tre sivile bygdefolk vart drepne i kampane i Kvam i april 1940. Den første var ein danske, Søren Sørensen, som budde på Svarthaugen. Han såg at garden tok til å brenne og la på sprang nedover for å redde grisane. Etter kampane fann dei han ved...
Sprenginga av Kvamsporten var mislukka
RAGNAR ØVRELID: Nordmenn og britar klarte ikkje å stanse den tyske frammarsjen ved Kvamsporten. Den planlagde fjellsprenginga av Kvamsporten fylte området med støv og røyk, men var mislukka. Desutan bar framleis isen på elva mange stader. Nå stod tyskarane i Kvam. og...
Fellæte i Gullbransdala
IVAR KLEIVEN i Fronsbygdin 1930: Fela va sjølsagt dæ instrumente som va best skikkja for å danse ette, men kå ti' ho kom i full bruk i Gullbransdala er dæ nok ingen som veit. Ho ska ha vore kjent i Nori' ti'leg i medeladra, men ein finn ho itte nemnt her i dala i...
Tyskarane kjem til Fron
RAGNAR ØVRELID: 23. april 1940 vart Fron fylt av britiske soldatar nordfrå, og norske soldatar som drog seg tilbake frå kampane ved Tretten. Den norske staben tok opphald i Sør-Fron eitt døgn, og Hærens sanitet heldt til på Steig. Det vart oppretta feltlasarett på...
Så veggjin skolv og heile huse ristast
IVAR KLEIVEN i Fronsbygdin 1930: Dæ va rusdrikken som både i 16 og 1700-tale va grunnlage åt all moro i omgangslive, i lag og samkåmo. Live igjenom denne lange tidsbålken va har't og villt og dæ onde makten år rusdrikka kunn' bli rått og ågålaust. Både i likfer'e,...
Eitt år
I dag har denne sida vore på nettet i eitt år. Og fordi det er så god tilgang på lokalhistorisk stoff i Fron, har ho vel utvikla seg til å bli ei digital historisk lokalavis. Meir enn 300 innlegg, over tusen bilde, film og videoar sidan starten, og desse innlegga er...
Dei smurde over ublenda lykter
RAGNAR ØVRELID: Utover i april 1940 kom det stadig militærkolonner gjennom Fron, både sørover og nordover, og vegstøvet la seg grått på snøkantane. Dei kom med soldatar, med ammunisjon og anna krigsmateriell. Bilar og tog var fulle av ungdom på leit etter avdelingane...
Bombemålet på Tofte
RAGNAR ØVRELID: I aprildagane i 1940 danna det seg etter kvart segner i Fron om det som skulle ha hendt her. Kong Haakon og heile regjeringa skulle ha vore på Tofte. Gullet frå Norges Bank skulle ha vore på folkehøgskulen på Hundorp. Men det som skjedde, var dette:...
-Fron historielag går verda rundt.
GD har laga ei sak på at heimesida til Fron historielag har besøk frå heile verda og siterer nettredaktøren: – Eg har aldri opplevd noko liknande. Kven er desse menneska? Vi har treff på sida vår frå land som India, Venezuela, Bulgaria, Romania, Pakistan. Det er...
Tyske fallskjermtroppar over Fron?
RAGNAR ØVRELID: Mange i Fron var tidleg oppe 9. april 1940. Dei som slo på radioen om morgonen, fekk ikkje inn det vanlege programmet. Dei høyrde berre pausesignalet. Lærar Ringdal i Kvam mintest dette som eit varsel om at noko heldt på å skje. Så kom...
Ikkje så reint ufarleg
Her kan du høyre karane slit! I 1937 var NRK på tur med mikrofonen på tømmerrenskning ved Kamfoss. Slitsomt arbeid. Ikke så reint ufarleg heller. Fløter mista livet her. Interessant lydbilde av ei tid som er borte.
Du har noko
Noko du har lyst til å sjå nærare på. Nokre folk du vil prate med for å få greie på korleis det var og kva som hende. Noko du vil leite etter og lese og sette saman til ei forteljing. Noko du har vore med på. Det ligg noko i eit skap eller ei skuff eller ei kiste på...
Aktivt år
Så mange som 55 møtte fram på årsmøtet på Sygard Grytting. Ingen stor strid om årsmeldinga 2013. Blant høgdepunkta: Lanseringa av boka Fronsbygdin 2013 var på Dale-Gudbrands gard 31. oktober. Heile 75 møtte fram. Boka kom ut for tiande gong og hadde derfor 16 sider...
NM på ski
NM på ski på Gålå er nettopp avslutta. Deltakarane og arrangøren pustar ut. (Bilde: Pål Kristiansen/Vegar Skar) Marit Bjørgen og Therese Johaug fekk ikkje noko gratis i dag. (Foto: Odd Tarud/Vegar Skar) Kom igjen, karar. Kongen ventar. (Foto: Odd Tarud/Vegar Skar) Lei...
Har du idear? 10 000 kr i premiar.
Fron historielag innbyr til konkurranse om den beste lokalhistoriske videoen frå Fron. Videoen skal vera på omlag 10 min, kan byggje på intervju, demonstrasjon av praktisk arbeid, gamle foto og filmar. Juryen legg vekt på innhald, originalitet og teknisk kvalitet. På...
NSB har skulda
CARL HENRIK GRØNDAHL: I drøftinga om ny trasé for E6 er det tenkt konsekvensar. Ein kan lure på kva dei tenkte da jernbanen kom til Fron i 1896. Det vart vekst. Ja. Men i ettertid kan ein nok seie at NSB ikkje handla klokt. Dei gjorde det vanskeleg å utvikle...
Ruste e» gamledågå 3
[youtube=http://youtu.be/Dum5_N8ZpDY] OLE CHR. RISDAL: Tredje og siste delen av Ruste e' gamledågå. Her er første del og andre del.
Meheinkjehågån og Smikop
PER ÅSMUNDSTAD: Namna Meheinkjehågån og Smikopp, ofte skrivi Smikop, finst truleg berre i Kvikne. Å smikke opp ei stugu skal vera opphavet til Smikop, og meheinkje er eit anna namn på mygg. Kva med den longe nedlagde plassen Bendas under Åsmundstad? Det blir sagt at...
