Godt årsmøte i historielaget Omlag 40 møtte fram på historielaget sitt årsmøte på Kyrkjeteigen torsdag 27. mars. Nils Christian Steig og Roger Slåstuen er nye i styret. Ut gjekk Marit Håkenstad og Åmund Bækken Blakar. I tillegg til dei to nye sit nå desse i styret:...
Hugs årsmøte!
Vi minner om årsmøtet i morgon, torsdag 27.03.25 kl. 19.00 på Kyrkjeteigen, Kvam. Foto frå Klevstad teke rundt 1890 av Knud Knudsen. (Frå samlinga etter Herman Olsen)
Årsmøte torsdag 27.03.25
Kyrkjeteigen, Kvam kl. 19.00. Velkome både nye og gamle medlemmer til årsmøte i Fron historielag på Kyrkjeteigen i Kvam, torsdag 27.03.25 kl. 19.00. Det blir vanlege årsmøtesaker og enkel servering. Rasmus Kjorstad og Erik Bjørke vil spela og fortelja om gamle leikar...
Torger Iverstugun i ord og tonar
Rasmus Stauri: Han var så mangt. Spelemann, innsamlar av folkemusikk frå Gudbrandsdalen, lyrikar, småbrukar, politikar, samfunnsbyggjar, ordkunstnar, bygdamenneske og meir til. Ein som brydde seg lite om bygdabøygen, men som gjekk sin eigen veg og arbeidde for det han...
Gudbrandsdalsseminaret – No kan du melde deg på
For å sjå program og melde deg på, kan du klikke på bilde eller her
Nord-Fron bibliotek onsdag 5. mars kl. 19
NAZISME: I siste utgåve av Årbok for Gudbrandsdalen skriv Egil Ulateig ein lengre artikkel om nazisten, rektoren og dølen Johs. Myhren (1915-2011) frå Harpefoss i Sør-Fron. Johs. var aktiv nazist under krigen som stabsleiar for Nasjonal Samlings Ungdomsfylking. I 1959...
Skåbu bygdahus 70 år
OLE CHR. RISDAL: I går var det 70 år sidan den offisielle opninga av Skåbu bygdahus. Det gamle forsamlingshuset i bygda stod på grunnen til Søre Risdal, nærare bestemt ovanfor bruket Bjørkheim (Raudhuset). Det offisielle namnet på det var «Jotunheimen», men i...
Velkome til ny heimeside
Bygdatunet i kveldssol Endeleg er den nye heimesida klar. Det har teke noko lengre tid enn vi forventa, men så meiner vi at resultatet også har vorte bra. Vi må rette ein stor takk til Rebecca på Krible, som har stått for oppbygginga av sida. Ho har hatt eit svært...
Einbu-samlinga på Hundorp
Rasmus Stauri: Gudbrandsdalens folkehøgskule flytte frå Vik i Kvam til Hundorp i 1915. I 1920-åra vart skuleanlegget modernisert og bygd ut trass i trong økonomi. Folkeopplysning på nasjonal grunn var sentrale verdiar i folkehøgskulen, og folkeopplysningstanken...
Nå er ho her!
Meir enn 90 med på lanseringa av Fronsbygdin 2024 Alle disse har skrive artiklar i årboka. Kjøp og les.
Klart for Fronsbygdin 2024
Kva har dei å fare med, dei nye redaktørane? Årboka til historielaget, Fronsbygdin, har vore ein bestseljar i alle år. Blir ho det i år ôg, undrar redaktørane Geir Paulsrud og Erling Skurdal. Torsdag 24. oktober kl 18 lanserer dei sin første årgang på Nord-Fron...
Nå blir det olsokfeiring!
Måndag 29. juli vaknar tradisjonane att i Sør-Fron Olav den Heilage får banesår på Stiklestad 29. juli 1030. Peter Nicolai Arbo; akvarell, truleg frå 1859 Heis flagget! For oslok er offisiell flaggdag, og i år blir det liv i olsok-tradisjonen att. Dagen skal løftast...
Gjer deg kjend med Sødorp!
Historisk vandring sundag 16. juni kl. 13.00 - 15.00 Her tek Paul Henrik Hage deg med på tur. (foto: google maps) Fron Historielag arrangerer historisk markvandring i Nedre Sødorp sundag 16. juni. Frammøte klokka 13.00.på Kjørkjesletta ved Sødorp kapell, der det òg er...
Gratulerer med dagen!
Fron historielag feirar dagen med dette 96 år gamle bildet av ein alvorleg gjeng frå ungdomslaget Frøningen. Dei ser ikkje ut til å sleppe seg heilt laus på grunnlovsdagen. Kan hende kom det fram leik og smil da fotografen hadde gått heim. Tidene har endra seg. Ha ein...
Klart til brurepara og dei små kjem
Vel møtt til dugnad på bygdatunet! Milsteinstugu heiter plassen der bygdatunet ligg, og når folk møtast her i godvêret, skulle ein ikkje tru det, men dette må ha vore eit ekte sveltihelbruk, ei lita lykkje med skrinn og turr jord, eitt av dei aller skrinnaste...
Å jeg vet en seter, med så mange …
Kva veit du? Hjelp oss! Seter som postkortmotiv. Brandvoldsetra med Sulseter i bakgrunnen. Fron historielag arbeider vidare med bok om setrene i Sør- og Nord-Fron. Det er godt over 700 kjente setre på 160 ulike seterstular. Kring jul gjekk det ut brev til alle...
Ny leiar i historielaget
Aktivt og spennande årsmøte Pål Skoe Kjorstad (t.v.) tar over som leiar etter Tormod Bråten, som framleis er med i styret. Styret i Fron historielag vart attvald, men Tormod Bråten går frå å vere leiar til å bli styremedlem, Pål Skoe Kjorstad går frå å vere...
fronhistorielag.no
Ny adresse for heimesida! Får du opp dette stygge bildet når du klikker deg inn på Fron historielag? Da må du lagre ny adresse. Ikkje .com men .no. Altså fronhistorielag.no. Da er vi saman videre på ferda!
Heidal- ei politisk slagmark i 1930-åra
Meir på årsmøtet 11. april på Dale-Gudbrands gard Meld deg inn i Fron historielag, så kan du vere med på årsmøtet 11. april klokka 19 på Dale-Gudbrands gard og få med deg ei særs interessant historie om fascismen og fylkingsvegen i Murudalen. Kva var Arbeidsfylkingen...
Her kjem det mange gode historier!
Meir enn 40 vil skrive for Hemgrenda og Fronsbygdin Stor interesse for å skrive lokalhistoriske artiklar! Foto: Rasmus Stauri Over 40 møtte for å lære meir om å skrive lokalhistoriske artiklar til Hemgrenda og Fronsbygdin, da Fron historielag og Ringebu historielag...
Her er seterbrevet
Fleire etterlyser brevet som historielaget har send ut for å registrere setrene i Fron. Her er det. Og her er meir informasjon om prosjektet. Og her er dei som jobbar med prosjektet: Møyfrid Kalstadstuen, Johan Rusthage, Arild Larshaugen, Linda Myromslien, Elisabeth...
Bli med på skrivekurs!
Til gamle og nye skribentar i Fronsbygdin Dei to nye redaktørane i Fronsbygdin, Geir Paulsrud og Erling Skurdal, inviterer til skrivekurs på Dale Gudbrands gard 27. januar. Vel møtt! Vi inviterer alle som kan ha interesse av å skrive for Fronsbygdin til eit...
20 gilde år med Rasmus og Gard
Og ei gild utgåve av Fronsbygdin Frå Rasmus Stauri sin artikkel om Janna Lien - ordkunstnaren frå uppi Nørdre Li`n. Har du sikra deg Fronsbygdin 2023? Du rekk det framleis før jul. I Dølen har Tor Larsen mykje godt å seie om boka: "I årets Fronsbygdin får vi servert...
Slik vart Fronsbygdin til
Det starta i jubileumsåret 2003 Dei to avroppande redaktørane Gard Espeland og Rasmus Stauri var med på eit lite bokbad, leia av Carl Henrik Grøndahl under boksleppet av Fronsbygdin 2023. Foto: Tor Larsen Tor Larsen i Dølen: Gard Espeland og Rasmus Stauri var primus...
– Vi var litt misunnelige
GD har møtt de avtroppende redaktørene for Fronsbygdin Gard Espeland (t.v.) og Rasmus Stauri har hatt ansvaret for alle de 20 bøkene om lokalhistorie fra Fronsbygdene. Foto: Kristin Veskje – Jeg sitter att med ei glede over å ha møtt så mye fine folk med stor...
Jul på hytta? Njaaa – mor var gruvsam
Fortel Fronsbygdin 2023, som går unna Fronsbygdin 2023 er som tidlegara år ein av bestseljarane hos Norli på Peer Gynt-sentret. Her går boka unna, fortel Velaug Sverresdotter Ryen. "Ei jul fekk far det for seg at vi kunne ferie jul på hytta vår på fjellet. Mor var...
Ånd må vinna på troll til sist
Perspektivrik lansering av Fronsbygdin 2023 Hans Petter Solberg frå Fron mållag heidra dei to avtroppande redaktørane Gard Espeland og Rasmus Stauri med Målprisen 2023. Lanseringa av Fronsbygdin har utvikla seg til gode kulturkveldar, der også karane møter fram. Meir...
Møte mellom folk i levande live
Møt Øystein Rudi på lanseringa av Fronsbygdin i morgon "Kvar einaste gong det kjem folk til gards, er det ein stor glede, og det kjennest meiningsfullt å få lov til å skape aktivitet som mange seier er med på å gjere livet rikare. Møte mellom folk, ikkje på skjerm,...
Torsdag 26. oktober!
Da blir det triveleg på biblioteket på Vinstra Og vil du ha boka tilsend så fort råd er, kontakt Egil Myhre: [email protected]
Hyttefolk – velkommen!
Historielaget gir deg et større rike CARL HENRIK GRØNDAHL: Ville det ikke vært gildt å vite litt mer om historien her hvor du har hytte? Blir ikke hytta litt lunere og godstolen med utsikten enda mer etterlengtet når du har noen dråper lokalhistorie innabords? Vet du...
Listad-historie, suppe og kaffe i fjoset
Godt frammøte på vellukka markvandring TORMOD BRÅTEN: 60 historieinteresserte frøningar deltok sundag på ei svært vellukka markvandring midt i førkristent og middelalderens sentrum i Fron. Vi starta i tunet på Nigard Listad, der Geir Paulsrud tok oss attende til tida...
Bli med på historisk vandring frå Listad
Velkomen sundag 25.6. kl 13! Bilde tatt frå toppen av Ulberghaugen. Sygard Listad lengst til høgre og Nigard Listad til venstre. Uppigard Listad er ikkje med på bildet. Denne garden går på folkemunne under namnet Jørstad. Foto: Liv Bjerke. På sundag kan det bli ei...
Veit du noko om ei seter?
Historielaget arbeider med ei bok om alle setrene i Fron Seter som postkortmotiv. Brandvoldsetra med Sulseter i bakgrunnen. SVEIN JETLUND: Fron historielag har sett i gang eit arbeid som skal ende opp med ei bok med opplysningar og bilde av alle setrene (også...
Dugande handverk og kaffi på kjelen
Vellukka ope dag på Bygdatunet Her vart det laga krokar og anna fint smijern attmed den gamle smia, som er det einaste huset som ikkje er fløtt til bygdatunet. Tormod Bråten: Vel 30 interesserte møtte fram laurdag 10. juni, da det vart arrangert ope dag på Fron...
Blir meldt til politiet
Hærverk på Bygdatunet Leiar Tormod Bråten fann dette på Bygdatunet. Foto: Kristin Veskje GD Nokon har gjort hærverk på Bygdatunet på Vinstra. Knust glasruter og rive ned steinmur. GD skriv om saka. Tormod Bråten, leiar i Fron historielag, seier dette: "Det er kanskje...
Ope dag på Bygdatunet 10. juni kl 11
Kom og sjå steinen som var betaling for dokterbesøk Eit stabbur frå Klukkargarden i Sør-Fron vart sett opp ved inngangen litt nord for dei andre husa. Da Fron historielag tok til å sjå seg om etter ein høveleg plass til bygdatun, hadde Milsteinlykkja god byggegrunn,...
Bli med på eit triveleg bygdatun
Vel møtt til dugnad onsdag 10. mai Godt lag på bygdatunet. Her frå ein open dag. Onsdag 10 mai kl. 18.00 inviterer historielaget til dugnad på bygdatunet på Vinstra. Så blir det vent og grønt til brurepara kjem og skal fotograferast, til smårolligane kjem og får litt...
Kva skjer med kvernkallen?
Innhaldsrik årsmelding med både matklokker og seterbok Eit godt og populært arrangement i året som gjekk: Markvandring på Lomsetra. Midt på biletet: Lokalhistorikar Anders Haugen (nå æresmedlem i laget). Til venstre for han ser vi Jan Karenstuen, som også bidrog med...
To nye æresmedlem
Både flintbørse og vegvandring på godt årsmøte Ei stor og uventa ære, sa Anders Haugen - nå æresmedlem i historielaget. Han fekk også med seg heider til Lodver Bryhn, som ikkje var til stades. Eit godt besøkt og triveleg årsmøte med 44 til stades fekk siste nytt:...
Bli med på ein rik tradisjon
Årsmøta i laget fortel om tiltaksføre frøningar I dag, onsdag 29. mars kl 19, er det årsmøte i Fron historielag på Dale-Gudbrands gard. Når vi møtast der, er vi i godt lag med mange generasjonar som har skapt mykje. Ved lagets 75-årsjubileum i 2003 skreiv Ola O....
Det blir eit triveleg årsmøte!
Velkomé åt Dale-Gudbrands gard onsdag 29. mars kl 19! Seniorrådgjevar Geir Paulsrud i Norsk vegmuseum er museets fremste kompetanse på eldre vegar og vegbygging. Han deler litt av det han veit på årsmøtet i historielaget. Foto: Norsk vegmuseun Bli medlem i Fron...
Hvor kommer du fra?
Bli med historielaget og slektsgranskerne på onsdag! 25 ivrige slektsgranskere møttes på biblioteket Vinstra forrige onsdag. De møtes igjen onsdag 1. februar fra kl 17 til 19 og skal komme i gang med egen granskning. Det er plass til deg også! Hvis du vil lete etter...
Kjenner du slekta di?
Jo mer du veit, desto bedre kjenner du deg sjøl Kjenner du oldeforeldra dine? Her er oldeforeldra til leiaren i laget. SLEKTSGRANSKINGSKVELDER I BIBLIOTEKET VINSTRA Fron historielag inviterer sine medlemmer til slektsgranskingskveld på Nord-Fron bibliotek, onsdag...
Gardsbruk i Skåbu er framleis populære
Denne sida syner at det er frøningar over heile verda Som i 2021 fekk Ole Christian Risdals stadige oppdatering av Skåbu i utvida norske Gardsbruk flest klikk på denne heimesida i 2022. Der han har gjort eit omfattande og viktig arbeid med å oppdatere, finne...
Nord-Fron må kvesse pennen
Oppfordring fra Tor Larsen i Dølen Å være til stede under det årlige boksleppet av Fronsbygdin, er en opplevelse i seg sjøl, skriver Tor Larsen i Dølen. Redaksjonssekretæren og redaktøren har opp igjennom åra skapt en ramme rundt dette boksleppet som gir et godt...
Egil har berre 80 bøker att!
Snart tomt for Fronsbygdin 2022 "Kvinnfolka trimme så det ligg att berre feitt-reinna ette´ døm!" Det sa dei eldre karane da trimbølgja kom til Fron i 1970-åra. Og alt dette har Tine Slang skrive om i Fronsbygdin 2022. Egil Myhre, boksalsjefen i Fron historielag,...
… sa´n Albert Lisbetstugun
Mykje å kose seg med i Fronsbygdin 2022 Har du sikra deg boka før ho vert utseld? Finn du ho ikkje i bokhandelen eller i daglegvarebutikken i området, ta kontakt me´n Egil. Han skaffar deg boka med ein gong! [email protected].: 970 67 723
Tormod søkjer i fortida
Kjøpte første metalldetektor i 1999 Tormod Bråten er ny leiar i Fron historielag. Her er ein reportasje tidlegare leiar Ole Chr. Risdal skreiv i 2015 - om alt Tormod har funne med detektoren sin: OLE CHR. RISDAL: Tormod Bråten frå Vinstra har ein særs spennande hobby....
Landbruks- og kulturhistorie frå Vinstra
Ny bok frå Bjørn Loe! I fjor gav han ut bok om faren sin, legendariske dyrlege Loe. No har han skrive ein biografi om mor si. Med utsikt til gardane Lo, Bø og Sygard Kongsli fortel han landbruks- og kulturhistorie frå Vinstra. Her skriv han også om sin eigen karriere,...
Mannen med detektoren
Møt Tormod Bråten, nye leiaren i Fron historielag Første oppgåva som leiar i historielaget: Velkomen til boklansering! Når du held ei spenne i handa - du veit at du er den første som ser ho og kjenner ho på 1500 år - det er ei spesiell kjensle. Seier Tormod Bråten,...
Nye redaktørar i Fronsbygdin
Geir Paulsrud og Erling Skurdal tar over i 2024 Dei to nye redaktørane Erling Skurdal (t.v.) og Geir Paulsrud vart presenterte av gammeredaktøren Rasmus Stauri.på lanseringa av Fronsbygdin 2022. I Fronsbygdin 2003 finn du desse artiklane: "Ole Johannesen – askeladden...
Bli med Per Tofte på dans!
Her er innhaldet i Fronsbygdin 2022 Og finn du ikkje boka i ein butikk nær deg. eller får du ikkje ein ihuga seljar på døra snart, ta kontakt med Egil Myhre: [email protected] eller tlf.: 970 67 723 så kjem boka i posten så snart råd er.
Smekkfullt hus og mange godord
Da Fronsbygdin 2022 vart lansert https://videopress.com/v/RZm6r4HK?resizeToParent=true&cover=true&preloadContent=metadata&useAverageColor=true Janne Urkegjerde, Synne Kjøk og Hanne Kjøk frå landslina i folkemusikk ved VVS fekk opp temperaturen på...
Ny leiar i Fron historielag
Tormod Bråten tek over etter Egil Myhre Tormod Bråten jobbar som elektrofagslærar ved Vinstra vidaregåande skule. Utdanna elektroingeniør. Likar å halde på med friluftsliv, historie, slektsgransking og metallsøking. Du treff den nye leiaren på lanseringa av...
Redaktøren ser nøgd ut
Mykje tyder på at han gler seg til lanseringa Redaktør Rasmus Stauri avslører fargen på Fronsbygdin 2022 i Dølen før lanseringa torsdag 27. oktober kl 19 Biblioteket Vinstra
Her blir det triveleg!
Kvinna i mjølkebilen
Du møter ho i biblioteket på Vinstra torsdag 27. oktober Den kvinna som tittar ut gjennom vindauget på mjølkebilen. Kven er ho? Ta turen torsdag 27. oktober kl 19 til biblioteket på Vinstra. Der kan du få Fronsbygdin 2022 i handa for første gong. Det er alltid...
Amor i beksøm
Slår til torsdag 27. oktober! Vel møtt på biblioteket Vinstra kl 19!
Nå er også Vinsterlia med
i oversikten over gardsbruk i Skåbu Vinsterlia er no lagt til i Skåbu i Utvida norske gardsbruk på denne heimesida. Det gamle pensjonatet har vore eit landemerke i bygda i over 100 år. Sjølv om det ikkje har vore drive noko jordbruk her, så har det iallfall vore...
Givande markvandring på Lomsetra
Vel 50 personar møtte opp til markvandringa på Lomsetra førre sundag. Det blei ein svært triveleg og innhaldsrik dag. Det var som vanleg Anders Haugen og Lodver Bryhn som stod bak dette. Dei hadde alliert seg med Jan Karenstuen, Ragnar Thor Mariasson og Olaf Nøkleby...
Triveleg og interessant bygdekveld i Kvikne
Det blei ei fin stund da Fron historielag arrangerte bygdekveld i Kvikne onsdag kveld. Det heile starta med at Kristian Ekre viste oss rundt i den nyrestaurerte kyrkja. Han delte av sin breie kunnskap og vi fekk god forståing av korleis restaureringa hadde foregått....
Opplev Borg bygdemuseum og Kvikne-kyrkja!
Og bli medlem i historielaget 🙂 Her er sjølve "hovdingen" på Borg, Olav T. Åsmundstad. Han får du høyre meir om! Onsdag 24. august kl 1800 får du nok ein god grunn til å melde deg inn i Fron historielag, for berre medlemmer i laget kan vere med på dette: Oppleve...
– Det mest imponerende dyrkingsfeltet!
Bli med til Lomsetrene på markavandring Slåttekarar på Lomsetrene sommaren 1968: Engebret Klypen, Ottar Flatmoen, Ragnvald Frøyse, Pål Kristiansen, Ole Skogen, Sverre Båtberget, Ottar Randen, Hans Karenstuen, Odd Tarud, Ottar Karenstuen, Nils Slåen, Thor Slåen, Arne...
Gåtur i Kviknebaklia torsdag 7. juli kl. 18.00
Frammøte ved Huskelia. Dei som vil ha ein lengre tur, parkerer bilen i Huskelivegen og går nordover. Vi startar turen ved Huskelia kl. 18.00 og held ei orientering. Det vil bli synt fram og fortalt om dei 8-10 plassane som på 1800-talet låg etter denne vegen. Ta med...
Namn i Fron: Ruste
«Skogvaksen jord eller bergrygg» BRIT NILSEN: Bygda Ruste ligg på vestsida av Laugen og strekkjer seg frå grensa til Sør-Fron og nordover til elva Vinstra. Dette namnet er truleg eit opphavleg bygdenamn. Ordet ei rust er kjent i fleire dialektar med tydinga "ein...
Gamle vegar i Fryaområdet
Sundag 29. mai blir det tur med omvising/orientering langs gamle vegar i Fryaområdet ved vegekspert Geir Paulsrud og lokalhistorikarane Gunnar Lien og Jon Ødegård. Frammøte og parkering ved tidlegare Fryatun kl.12.oo. Ta med litt mat og kaffi på turen. Dette er eit...
Dei bygde eit tun, og du er velkommen!
Open dag på bygdatunet Milsteinstugu 4. juni Stikk innom bygdatunet laurdag 4. juni etter kl 12 ein gong. Du får kaffi og biteti og eit godt stykke historie. Entusiastane som bygde dette tunet på Sødorp, ville få til eit husmannsbruk med dei husa og det utstyret som...
Fron historielag: ein million besøk
Redaktøren vil berre gjere merksam på at ein milepæl er passert på denne heimesida. Sidan starten 13. april 2013 er det nå registrert over ein million klikk. Frå så å seie heile verda.
Ny leiar og nestleiar i historielaget!
Ny leiar Egil Myhre og ny nestleiar Tormod Bråten Egil Myhre har tatt på seg oppgåva som ny leiar i historielaget etter Ole Christian Risdal. Egil er født 1960 på Kvam. Fabrikkarbeidar og bur på eit lite småbruk. Av interesser kan nemnast friluftsliv, historie og...
Fin måte å feire Sankhans på!
Kveldskurs med Michael Heim og Mildri Een Eide Her kan du lære mye! Michael Heim og Mildri Een Eide. Nå kan du bidra til kulturhistoria! Bidra til at vi tar vare på fornminne. Sankthansaften, torsdag 23. juni holder fylkesarkeolog Mildri Een Eide og Michael Heim,...
Jakta på matklokkene er i gang!
Send epost eller sms til Marit Håkenstad Matklokka på Nordre Grytting. Foto: Kjell Grytting Johannes Brandvol registrerte matklokker i Sødorp ein gong på 1990-talet. Sjølv har han ikkje resultatet. Veit du noko om dette? Kven kom oppdraget frå? Kven vart denne...
Kvar vart det av matklokkene?
Historielaget treng di hjelp Klokketårn frå 1859 på Hundorp. Foto frå Wikipedia Det må ha vore godt å høyre matklokka. Arbeidsfolk som var ute på aker og eng, fekk varslet: Nå er det kvile og mat. Det var mange matklokker i Fron. Men bruken tok slutt på 1950-talet....
Kven blir ny leiar i historielaget?
Ole Christian Risdal takka av på årsmøtet Vel 50 var til stades på årsmøtet i Fron historielag da Ole Christian Risdal vart takka av etter 10 år i styret, dei siste tre som leiar. Det nye styret 2022-2023: Frå venstre: Ragnhild Wadahl, Tormod Bråten, Åge Jevne...
Bli medlem i historielaget!
Så blir du med på et gildt årsmøte onsdag Over 50 000 les på denne heimesida kvart år. I 2021 hadde historielaget 266 medlemmar. Det er altså berre 0,5 prosent av alle som har glede av denne sida. Og snaut 8 prosent av dei som følgjer Facebook-sida til laget er...
Årsmøte i Fron historielag
Det blir årsmøte i Fron historielag i gymsalen på Dale-Gudbrand onsdag den 6. april kl. 19.00. I tillegg til vanlege årsmøtesaker blir det foredrag ved berggrunnsgeolog Michael Heim. Han er pensjonert fyrsteamanuensis ved NMBU i Ås. Foredraget heiter "Nye funn av...
Hvordan ble våronna gjort?
Ble det noe av Hans Petter Kleivens film i 1975? Noen som kjenner til denne filmen?
Jula er best på frøning
Flotte omgivelser, fjernt fra storbyens mas og jag https://youtu.be/z5Lb85JcZcE På utallige oppfordringar: Her kjem heimesida sitt svar på Grevinnen og hovmesteren i NRK: Dølamålet setter folk i stemning, melder GD. Det er ikke tilfeldig at handlinga i flere av...
Gardsbruk i Skåbu er populære!
Denne heimesida har lesarar i så å seie heile verda Eit døme på presentasjonen i artikkelen. I 2021 var det 2187 klikk på Ole Christian Risdals "Skåbu i utvida norske Gardsbruk." Der han har gjort eit omfattande og viktig arbeid med å oppdatere, finne historikk,...
Få Fronsbygdin i postkassa!
Ta kontakt med Egil Myhre: [email protected] Egil Myhre sender deg gjerne Fronsbygdin 2021! Fronsbygdin 2021 har den mangslungne kvaliteten Fronsbygdin er kjend for. Bur du ikkje slik til at du får triveleg besøk på døra av ein bokseljar eller kan stikke innom ein...
Unn deg kos i mørke haustkveldar
Nå er det enkelt å få tak i Fronsbygdin 2021 "Ei fråflytta grågrend i Kviknebaksida" - det er ei rik forteljing om slit og lagnader og mord, attpåtil. "Kamp for livet på Sødorpfjellet" er ei historie få kjenner. Dei la ut med hest og slede i vintervær som nesten tok...
Her skulle du ha vore!
Leiaren i Fron historielag, Ole Christian Risdal, ønskte velkommen og hadde to æresmedlemskap på lur. Pluss det æresdiplomet som vart tildelt Vegar Skar posthumt. Litt av ein kulturkveld da Fronsbygdin 2021 vart lansert på Dale-Gudbrands gard. Boka i seg sjølv er særs...
Æresmedlemskap til Espeland og Stauri
Dei har laga Fronsbygdin sidan 2003 Rasmus Stauri og Gard Espeland. Foto: Dølen Mange godord til dei to karane - redaktør og redaksjonssekretær i Fronsbygdin - som årleg sidan 2003 har fått samla fleire tusen sider med lokalhistorie, kunnskap og forteljingar som elles...
Hugs lanseringa i morgon, torsdag!
"Du er sanneleg noko til kvinnfolk, sa eg, halvt arg, halvt imponert." Kva hadde dette kvinnfolket gjort? Kong. Korleis fekk ein husmannsplass det namnet? Lokomotivførar Berhard Jakobsen, Vinstra, vart drepen i ei ulykke på Selsmyrene. Kven var han? "I 1908 bygde jeg...
208 sider med puslespel
Fronsbygdin 2021 blir lansert med ein innhaldsrik kveld! Både Øyvind Sund og Ola Breivega kjem "Nå som før er det nødvendig å kjenne si eiga historie om ein ikkje skal gå seg bort. Og for å sjå dei lange, store linene i histoira, er det nødvendig å kjenne alle de små...
Dette blir ein gild kveld!
Kveldsseto i Midtdalsarkivet med Håkon Sveen https://youtu.be/-KHIerN-7FU Håkon Sveen fortel også litt om arbeidet med Peer Gynt på Gålå i dette intervjuet, som Kari Bay Haugen gjorde for TV ØST i 2015. Nå skjer det mykje spennande og interessant på Midtdalsarkivet i...
Interessant og givande på årsmøtet
Rundt 25 personar møtte fram på årsmøtet til Fron historielag sist torsdag. Det burde vore fleire med tanke på det flotte foredraget til Hans Olav Haugen. Han skildra svært levande korleis Ingebjørg Sletten Fosstvedt klarte å bringe 15 engelske soldatar i sikkerheit....
Årsmøte i Fron historielag
Vi minner om årsmøte i Fron historielag på Dale-Gudbrands gard (bygningen til høgre når du kjem ned i garden) i morgon 30. september kl. 19.00. Lokalhistorikar Hans Olav Haugen frå Gausdal kjem for å halde foredrag om Ingebjørg Haugen Fosstvedt. Ho var flyktningelos...
Triveleg stund på Bygdatunet
Vérgudane var snille mot oss da vi arrangerte open dag på Bygdatunet i går kveld. Rundt 15 personar møtte opp og det vart nokre trivelege timar på tunet og ved saga. Det einaste som mangla var kaffi, men det skal vi ordne med til neste gong! Etter omvising i nokre av...
Open dag på Bygdatunet
Onsdag 8. september kl. 17.00 arrangerer Fron historielag open dag på Bygdatunet i Sødorp. Her blir det høve til å sjå nærmare på dei nyrestaurerte husa. Oppgangssaga blir også demonstrert. Vel møtt til ei triveleg kveldsstund på Bygdatunet!
Møt ei modig kvinne på årsmøtet!
Merk av: Årsmøtet i Fron historielag torsdag 30. september Kom på årsmøtet i Fron historielag og høyr lokalhistorikaren Hans Olav Haugen fortel om ei modig kvinne. Ingebjørg Sletten Fosstvedt vaks opp i Oslo, og da krigen braut ut i 1940, var ho lærarstudent. Frå Oslo...
Sjarmøretappen har starta!
Hundorp 2021 opna på Dale-Gudbrands gard https://videopress.com/v/L6mU8bik?preloadContent=metadata Ordførar Ole Tvete Muriteigen. Alle foto: Carl Henrik Grøndahl Godstog som rumlar forbi. Rulleski på gamle E6. Det fekk han ikkje med seg, Heilag Olav, da han sette spor...
Interessant dag på kongsgarden Steig
Trass surt vér var det rundt 200 som møtte opp på Steig sist sundag. For omvising, kaffi, god kringle og flotte foredrag sørga for at vi heldt varmen likevel. Det var lokalhistorikarane Nils Christian Steig, Pål Kjorstad, Rasmus Stauri, Geir Paulsrud og Kari Clausen...
Storhending på Dale-Gudbrand
[wpvideo sc8PxEFS] Det blei både høgtid og humor da utstillinga "Solrenning" opna tysdag kveld. Både ordførar, kultursjef, representant frå Innlandet Fylkeskommune og sentrale aktørar var til stades, saman med rundt 70 publikummarar. Dette markerte óg starten på...
Få garder i Norge har en så rik historie
Steig gjennom 1000 år - unik gardshistorie fra Fron I boka "Steig gjennom 1000 år" gir forfatteren Nils Chr. Steig for første gang en samlet framstilling av historien på Steig. Garden er nevnt i historiske kilder gjennom hver eneste århundre siden 1000-tallet og...
La oss gjere dette saman!
Ditt bidrag: 200 kr for medlemskap i 2021 Har du fått ein slik i posten? Fron historielag gjer ein viktig frivillig innsats for lokalsamfunnet, storsamfunnet og ufødde generasjonar. Med å ta vare på det som har vore: bygningar og reiskap som tidlegare generasjonar...
Ein god æresmedlem
Til minne om Vegar Skar (1945-2021) Vegar Skar, (1945-2021) æresmedlem i Fron historielag RASMUS STAURI: I 2020 vart Vegar Skar frå Sør-Fron utnemnd til æresmedlem i Fron historielag. Han gjekk bort 21. februar i 2021, og fekk såleis glede seg over æresmedlemskapet i...
Få med deg kjentfolk på tur!
Det er berre å laste ned appen Hidden "Eingong seint ein julekveld fik´n Peder Dass bo frå konga i Kjøbenhavn at´n skull kåmå å præke før hoffe tile juldagsmorgon." Så fekk presten skyss med fanden. Dette sagnet finn du på appen Hidden når du oppsøkjer Sødorp-kyrkja....
Har det stått noko om oldemor?
Stor interesse for Fronsbygdin Egil Myhre har mykje godt på lager Nå er det tid for bok! Og har du ikkje sikra deg godbiten Fronsbygdin 2020, kan det snart vere for seint, for lageret er bortimot tømt, seier boksansvarleg i historielaget, Egil Myhre. «God spennvidde...
Erling Rolstad fekk flest besøk
Over 100 000 klikk på denne heimesida i 2020 "I familien Rolstad var det ungane som fekk oppgåva å hente «lappar» dei kunne handle det aller mest nødvendige for. For å dekkje over fattigdomen gjekk dei gjennom skogen for ikkje å bli sett." Det er Hans Odenrud si...
Forteljarkveld torsdag 5. november
Det blir forteljarkveld i Sør-Fron kulturhus torsdag 5. november kl. 18.30. Asbjørn Myrvang vil fortelje både om og frå den gamle skulen på Glasmestermoen. Her blir det fokus på skulesoge og på den store betydninga og rolla skulen hadde i lokalsamfunnet. PS!...