kl. 19.00 på Sør-Fron kommunehus Fron historielag ynskjer både nye og gamle medlemmer velkome til årsmøte på Sør-Fron kommunehus, torsdag 26.03.26 kl. 19.00. Det blir vanlege årsmøtesaker og enkel servering. Etter dei formelle årsmøtesakene vil Carl Henrik Grøndahl...
Svartkrut og flintlås
Utdrag frå intervju med Torger Nordre Risdal nedskriven av Sigmund Hernæs, truleg ein gong på 1960-talet. Utdraget er gjengjeve slik det er nedskrive. Bilda er ikkje av dei våpna som er nemnd i teksta. Snaplåsgevær med pipekasse turleg frå 1700-talet. Foto: Tormod...
Welcome to Furuheim!
Engelsk brosjyre for Furuheim hotell og familie pensjonat frå 1910. Furuheim vart fyrst bygd som sanatorium og hotell i 1893 av Petter E. Olsen og kona Anne. Petter døydde i 1904, og Anne vart da aleine med drifta, fram til ho selde Furuheim i 1919. Bygga vart da...
Hundorp 1932
Dette bildet har vi fått frå Harald Ødegård og er teke på Gudbrandsdal folkehøgskule på Hundorp, 21. august 1932. Bildet har han etter mor si, som var fødd på Dovre. Ho sit i fremste rada saman med ei som heitte Karen Sletten, som vart gift Øyen på Dovre. Harald lurer...
Minneord til Marie Rudi
Grethe Marie Toverud Rønningen: Eg har aner frå Rusten i Sør-Fron, og ein dag satt eg å bladde i ei notatbok som eg har etter tanta mi, Jenny Rusten. Der fann eg eit minneord om Marie Rudi som røyrde meg. Eg har reinskrive teksta slik ho står i notatboka: Notatboka og...
Nordgard Brandvolsetra
Eit bilde frå tidleg på 1900-talet av Nordgard Branvolsetra på Sødorpfjellet. Det er kjent frå skriftlege kjelder at alle Brandvolsgardane setra på Sulseter i 1668. I 1873 kjøpte Paul Erlandsen på Nordgard Brandvol to seterlykkjer frå Engebret Hansen Sygard Brandvol....
På jakt etter rein i 1963
Bli med Olaf Byrløkken, Erik Bråten og Sverre Byrhagen på reinsjakt hausten 1963. Utklypp frå Oppland Arbeiderblad. Tekst og foto: Johnny Antonsen.
Toksegardane kring 1900
Dette bildet er truleg tatt kring 1900. I framgrunnen ser vi den gamle Sødorpvegen i delet mellom Skoe- og Brandvoldsgardane. I bakgrunnen ligg Nigard Tokse nærast og Nordgard Tokse med den store eplehagen, som Paul Henrik Hage skreiv om i Fronsbygdin 2022...
Vi treng hjelp…
Og kanskje kan vi hjelpe deg òg. Seterbokprosjektet i regi av Fron historielag held fram og no kan du få hjelp til å legge inn opplysningar om setra di. Budeier. Bilde frå album etter Kari Klevstadbakken. På Kvamstunet vert det mogleg for setereigarar i Kvam å få...
Vinterbilde frå Sulsetra
Vinterbilde frå Sulsetra på Sødoprfjellet tatt rundt 1975. For dei som kjenner området i dag, er det tydeleg å sjå at tregrensa stadig fløtt seg oppover. Foto: Oddmar Myrum.
God Jul!
Med dette julekortet frå 1957, adressert til Karen (f. Øium) og Jakob Hansen på Nyseth i Kvam, ønskjer vi våre følgjarar ei riktig God Jul! Julekortet er lånt frå Gro Anita Hansen Resset. Utgivar: Mittet.
Ikkje for å mase, men…
Vi saknar framleis informasjon om fleire av setrene i Fron. Seter som postkortmotiv. Brandvoldsetra med Sulseter i bakgrunnen. Mange har svara på brevet som gjekk ut til setereigarane, og det er vi svært takksame for. Fron historielag arbeider vidare med boka om...
«Vinterbillede fra Søndre Fron»
"Vinterbillede fra Søndre Fron" har Herman Olsen kalla dette bildet av Sør-Fron kyrkja, som har vore brukt til å lage postkort for Gudbrandsdal bokhandel. På baksida er det påskrive vinteren 1912/13. Frå fotoarkivet etter Herman Olsen. Fotograf H.H. Lie.
Lagsavisa «Fram»
"Fram" var Vinstra ungdomslag si lagsavis, og her kunne medlemmane utfolda seg med forteljingar, dikt, songar, teikningar og liknande. Eit og anna alvorsord og moralske ytringar finnes nok òg. Redaktøransvaret gjekk på omgang mellom lagsmedlemmane og her er det Harald...
Gudbrandsdalsdomen
https://www.youtube.com/watch?v=RcWSuelSUgk Sjå den flotte filmen frå Gudbrandsdalsdomen laga av Geir Halvor Sollid. Sør-Fron kyrkje oppført i perioda 1786-1792.
Gåver til historielaget
Frå Kari Åse Tvete Hernæs og Jostein Hernæs har Fron historielag fått fire flotte vevskeier. Desse er svært forseggjort og vitnar om eit nøye arbeid. Opphaveleg stammer vevskeiene frå garden Kvigstad på Sør-Fron, men eigarane fann ikkje plass til dei lenger og...
Vegkroa på Vinstra
Vegkroa på Vinstra, fotografert i 1965 av Jac Brun. Foto lånt frå Nasjonalbiblioteket. Vegkroa eller "Kroa" som vi berre kalla ho, opna i juli 1962. Det var A/S Veikroer som stod for bygginga av dei karakteristiske landemerka med den bratte takvinkelen . Mang ein...
«Du fe leva så vel»
14 år har Arild Teigen brukt på å finne ut av historia om utvandrarane Fredrik og Rønnaug Teigen og dei fem borna deira. Ikkje i samanheng da, seier Arild, med eit lurt smil. "Inkort ha è forrè med i millomti'n au", men det har vorte mange dykk i kjelder og samtalar...
Frå Kvam til Minnesota i 1867
"Det var som ei ferd lukt inn i tåkeheimen - Ingen hadde ei aning om kva som kunne skje" Slik skildra ein Gudbrandsdøl korleis det var for dei tidlege utvandrarane frå dalen, som reiste med seilskuter til Amerika. Det var ei risikabel reise inn i det ukjende og...
«Fronsbygdin» på torader
Simen Fjeldberg Håland - Spelar sin sjølvkomponerte "Fronsbygdin" på lanseringa av Fronsbygdin 2025. Trykk på bildet for å sjå filmen.
Vinstra foss
Vinstraelva og fossen i Loholet har vore ei viktig energikjelde gjennom lange tider. Sagbruk, mølle og kraftstasjon er noko av det som har nyttegjort seg av kreftene i fossen. Du kan lese meir her: https://fronhistorielag.no/den-verdifulle-lofossen/. Bildet er henta...
«For hjemmets fred og landets lykke»
"For hjemmets fred og landets lykke" var slagordet til "Hunndalens totalafholdsforening". Avhaldsrørsla stod sterkt i landet rundt førre hundreårskifte, og var svært delaktig i totalforbodet mot brennevin i åra 1916 - 1927. Heile 61,6 % stemde for eit totalforbod...
Leine skule rundt 1895
Bilde frå Leine skule i Kvam, teke rundt 1895. Bildet er lånt av Ole Hansen Resset og hans bestefar Ole Johnsen Holen (1888-1962), sit som nummer to frå venstre i fremste rekka. Dei andre kjenner vi ikkje namna på, men det gjer sikkert nokon av følgjarane våre....
På sporet av mellomaldervegen
Kvar gjekk mellomaldervegen mellom Sødorp og Kvam? Geir Paulsrud har via det meste av sitt liv på å finne att gamle vegar, og mykje av dette delte han med dei 15 frammøtte, som fekk ein fin dag i lia ovanfor Vinstra. Ved grinda til Stusslia eller Støslia, som...
Hundorp barnehage 1982
Vekas bilde har vi fått frå Øystein Ødegård Østensen og er teke i Hundorp barnehage i 1982. Øystein sit sjølv i fremste rekke heilt til høgra, men kven dei andre er, hugser han ikkje. Øystein hugsar berre "tante" Aslaug Frithjofsen, som står i midten på bakre rekke....
Markvandring på gamle stier
Vil du vite meir om dei gamle ferdselsvegane frå Sødorp mot Kvam? Da bør du bli med Geir Paulsrud og Egil Myhre på markvandring frå Stor-Brenna til Svan sundag 28. september. Oppmøte ved innkøyringa til Stor-Brenna, øvst i "Toksegrenda" kl. 11.00. Vi tek sikte på ein...
Den siste tilsette på Veidarvon
Vekas bilde er attende! Vi startar opp att med eit par bilde vi har fått frå Linda Myromslien. Ho var den siste som vart tilsett ved Veidarvon seterstue ved Toftsetra. 1976 vart den siste sesongen det var drift ved Veidarvon. Den gongen var ho berre 11 år gamal, men...
Alme gård
Alme gård er tittelen på dette bildet, teke av H. H. Lie truleg rundt førre hundreårskifte. Kva anledning det er teke veit vi ikkje, men det er heile 36 personar i finstas og tre hestar med på bildet, så ei stor hending må det ha vore. Kanskje nokon av følgjarane våre...
Våt markdag i Ryssland
Trass sludd og regnvêr, møtte 20 historieinteresserte markvandrarar opp ved Rudi gard laurdag. Stopp ved Sygard Tåkåstad Pål Skoe Kjorstad tok oss med på ei runde i Rysslands særprega kulturlandskap. Vi starta ved Rudi, og fekk høyre om opphavet til namnet Ryssland og...
Gratulerer med dagen!
17. mai på Vinstra i 1914. Legg merke til fana fremst i toget, tilhøyrande Vinstra skytterlag. Frå bildesamlinga etter Herman Olsen. Fotograf: H.H. Lie.
Markdag i Ryssland
Vi inviterer til markdag i Ryssland, laurdag 24.05.25. Oppmøte på parkeringa til Rudi gard kl. 12.00 Utsikt over Ryssland med Rolstad og Gryttingsgardane, og Skodalsgrenda i bakgrunn. Bildet er teke ved hovudstoppen på markvandringa ved Nordgard Tåkåstad. Pål Kjorstad...
Frigjeringsdag
Vigdis Kleiven Sveen: Her øver alvorlege Sødorpelevar på sitt fyrste 17.maitog på fem år, og ei treårig linselus fylgjer med! Gratulerer med dagen! Fotograf: Paal Kleiven. Bilde utlånt av Vigdis Kleiven Sveen.
Fron ysteri og garden Orvoll
Fron ysteri og garden Orvoll eller Odenvollen i framgrunnen. Det raude huset på Ordvoll vart kalla Kooperativen, etter det som truleg er Sør-Frons fyrste førsøk på å starte ein kooperativ butikk. Veit du noko om dette, så sjå innlegget vi har lagt ut på heimesida og...
Veit du noko om Kooperativen?
Fron ysteri og Odenvollen (Orvoll) til venstre. Bilde frå midt på 1960-talet. Gunnar Lien: Martin Sveiverud (1860-1932) og kona Antonette Sveiverud (1855-1933) flytta frå Åsmarka i Ringsaker til Sør-Fron ein gong mellom folketeljingane i 1910 og 1920. Dei flytta...
No er det klart for konfirmantane
Tysdag var det dugnad på Fron bygdatun, og 11 arbeidslystene medlemmar møtte fram med rive, vaskebytte, støvsugar og traktor. No er tunet rydda og fint til konfirmantane skal forevigast. Det vart vaska og pynta i stuggu frå Søre Skogen, og renna åt oppgangssaga frå...
Dugnad på Fron bygdatun
Tysdag 29. april frå kl. 17. No er det snart konfirmasjon i bygda vår, og da ønskjer mange å ta bilde på Fron bygdatun. Tysdag 29.04.25 frå kl. 17.00 ønskjer vi å gjere det fint for desse konfirmantane og inviterer til dugnad. Ta med rive og møt opp for ei god...
Utsikt frå Liabakkin
Utsikta frå Liabakkin er det ikkje noko å seie på, sjølv om det kunne vera tungt å ta seg opp hit. Foto: Jac Brun 1959. Kjelde: Nasjonalbiblioteket.
9. april 1940
Klukka 04.26 gjev kommandanten på Oscarsborg festning, Oberst Birger Eriksen den korte ordren: "Det skal torpederes". Dette skjer etter at kanon ein og kanon to har fått inn kvar sin fulltreffar på den tyske kryssaren "Blücher" og klukka 06.21 synk "Blücher" i...
Torgerhaugen
Torgerhaugen i Skurdalsgrenda, Sør-Fron. Bildet er retusjert med blå feittstift før det skulle lagast postkort for Gudbrandsdalen Bokhandel, såkalla G.B. kort blant samlarar. Bildet er frå samlinga etter Herman Olsen, som arbeidde på Gudbrandsdalen Bokhandel. Foto:...
Årsmelding 2024
Illustrasjonsbilde: Sødorp kyrkje (bygd i 1752) på si opphavlege plassering i Sødorp. Foto: Simen Baardseth, før flyttinga i 1908-1910. Årsmelding for Fron Historielag 2024Download
Vik i Kvam
Bilde teke av Knud Knudsen (1832-1915) ved Vik i Kvam. Vi kan sjå gravstøtta til Sinclair heilt til venstre med potetåker på den gamle kyrkjegarden ved Vik. Bildet er datert mellom 1900 og 1902, men det kan ikkje stemme, da jernbana ikkje er bygd når bildet er teke....
Hugs årsmøte!
Vi minner om årsmøtet i morgon, torsdag 27.03.25 kl. 19.00 på Kyrkjeteigen, Kvam. Foto frå Klevstad teke rundt 1890 av Knud Knudsen. (Frå samlinga etter Herman Olsen)
Fiskdalseter
Setra til Nordgard Tokse på Fiskdalen, med det opphavlege vasshjulet. Det gjekk reim frå vasshjulet og bort på veggen til selet, som dreiv røreanordninga for dei store ystepannene på setra. Smia til venstre og selet står likeins i dag, mens vasshjulet er erstatta av...
Harpefoss stasjon?
Ei utfordring til følgjarane våre. Kor er dette bilde i frå? Fotografen er Anders Beer Wilse, og i følge opplysningane til bildet, er det teke 01.11.1912, men det passer ikkje med teksta: "Prot: Paasketur - Skyds møder ved Vinstra". Vi trur at bildet er frå Harpefoss...
To uthuse, Fron
To uthuse har Robert Collett (1842-1913) kalla dette bilde, som skal vere frå Fron. Robert Collett var utdanna Zoolog og reiste mykje rundt for å fotografera dyr, særleg fuglar, men og menneskje og natur. I den store samlinga med bilde etter Collet, finns fleire frå...
Årsmøte torsdag 27.03.25
Kyrkjeteigen, Kvam kl. 19.00. Velkome både nye og gamle medlemmer til årsmøte i Fron historielag på Kyrkjeteigen i Kvam, torsdag 27.03.25 kl. 19.00. Det blir vanlege årsmøtesaker og enkel servering. Rasmus Kjorstad og Erik Bjørke vil spela og fortelja om gamle leikar...
«Fron Gudbrandsdalen»
Foto teke av Narve Skarpmoen truleg tidleg på 1900-talet. Skarpmoen var i Kvam å fotograferte i 1905, og bildet kan vera teke på den same turen oppover dalen. Den fremste karjolen tilhøyrar nok Skarpmoen, da den finst på fleire bilde frå Fron. Kven som står ved kjerra...
Gudbrandsdalsseminaret – No kan du melde deg på
For å sjå program og melde deg på, kan du klikke på bilde eller her
Hundorp sundstad rundt 1920
Hundorp sundstad var i bruk fram til Hundorp bru vart opna i 1925. Bildet er teke av Conrad Alfred Øhlckers, som eigde småbruket Nybakk i Sødorp frå 1920-1928. Vi har fått bildet av sonesonen Harald Øhlckers, som har scanna det frå den originale glasplata.
Nord-Fron bibliotek onsdag 5. mars kl. 19
NAZISME: I siste utgåve av Årbok for Gudbrandsdalen skriv Egil Ulateig ein lengre artikkel om nazisten, rektoren og dølen Johs. Myhren (1915-2011) frå Harpefoss i Sør-Fron. Johs. var aktiv nazist under krigen som stabsleiar for Nasjonal Samlings Ungdomsfylking. I 1959...
Sødorp ein seinsommardag i 1896
Sødorp med Brandvols-gardane og Sødorp kyrkje, på si opphavelege plassering. Bygd i 1752 og fløtt over elva til si nåverande plassering i 1910. Legg merke til dei store steinrøysene som truleg er etter oppryddinga frå Storofsen. Bildet er teke i 1896. Foto: H.H. Lie /...
Velkome til ny heimeside
Bygdatunet i kveldssol Endeleg er den nye heimesida klar. Det har teke noko lengre tid enn vi forventa, men så meiner vi at resultatet også har vorte bra. Vi må rette ein stor takk til Rebecca på Krible, som har stått for oppbygginga av sida. Ho har hatt eit svært...
Einbu-samlinga på Hundorp
Rasmus Stauri: Gudbrandsdalens folkehøgskule flytte frå Vik i Kvam til Hundorp i 1915. I 1920-åra vart skuleanlegget modernisert og bygd ut trass i trong økonomi. Folkeopplysning på nasjonal grunn var sentrale verdiar i folkehøgskulen, og folkeopplysningstanken...
På sykkel ved Pynten
Bilde teke ved Pynten i Sødorp, som er det siste bruket langsmed Gudbrandsdalsvegen før du krysser grensa til Sør-Fron. Bildet er teke av Simen Baardseth med sjølvutløsar. Ser ein godt etter, ser ein utløsersnora som Baardseth held i høgre handa. Guten til venstre er...
Dalstjønna
Eit kjent turmål for mange på Vinstra. Mykje har forandre seg her opp gjennom tida. Mellom anna er det no svært attgrodd rundt Dalstjønna og Steinhaugsetra, som vi ser i framgrunnen. Demninga står fortsatt godt, sjølv om ho ikkje er like synleg lenger. Ho vart...
Heidal- ei politisk slagmark i 1930-åra
Meir på årsmøtet 11. april på Dale-Gudbrands gard Meld deg inn i Fron historielag, så kan du vere med på årsmøtet 11. april klokka 19 på Dale-Gudbrands gard og få med deg ei særs interessant historie om fascismen og fylkingsvegen i Murudalen. Kva var Arbeidsfylkingen...
Greier ikkje halde kjeft i kommunestyret
Velstanden har vorte for stor, seier Eivind Budsberg Eivind Budsberg fotografert av Torbjørn Mathisen 1971, frå Gudbrandsdølen. PAUL HENRIK HAGE: Eivind Budsberg var ein mangslungen kar med sterk interesse for kultur og samfunn. Oddmar Myrum portretterte han på...
Dokteren som var svart på fingrane
Nokre bitar frå legenda om Christian Grønning GUNNAR LIEN: På ein plass opp for Tåkåstad budde det ein mann som heitte Lier. Han dreiv med tømmerhandel og hadde ei hushjelp som heitte Anne. Ein gong Anne var sjuk, vart det send bod på doktor Falck. Han var ei tid lege...
En salme før bryllupsnatten
Frøningenes merkverdige skikker ved brylluper HUGO FREDRIK HJORTHØY ble prest i Fron i 1775 og prost i Gudbrandsdalen året etter. Mens han var i Fron skrev han Physisk og Ekonomisk Beskrivelse over Gulbransdalen Provstie i Aggershuus Stift i Norge, et av 1700-tallets...
Guds stebarn i Fron
Tragisk var hans liv, og tragisk var hans død CARL HENRIK GRØNDAHL: Søren Lemmich heiter ein mann. Han var sokneprest i Fron i halvanna år for meir enn 200 år sidan. Berre eit namn i historia med nokre turre fakta. Men les vi bak dei sparsame, saklege opplysningane,...
Han kjørte slede på elveisen med Scott
Teodor Pettersen var også en framifrå flink bildoktor PAUL HENRIK HAGE: Theodor Pettersen (1894-1978) var ein fargerik person på "gamle Vinstra" som det ennå lever mange historier etter. Han ble født under taket der "a jordmor-Mathea" bodde. Det var den 6. juni 1894...
– Alltid sentrum i Nedregate
Også ordførerere kan ta feil GogLT 1. juni 1988: - Det er ingen fare for at Nedregate ikke skal forbli en handlegate. Mitt inntrykk er at det nå skjer en forskyvning og omgruppering, sier ordfører Gunnar T. Stenseng i Nord-Fron kommune. Han tror at sentrum på Vinstra...
Sirupen rann ut på golvet
Palmer Thorsheim 50 år bak disken utan ferie Oddmar Myrom i Gudbrandsdølen 31. mars 1979: Palmer kan hugse at det var mykje prat om alt strevet dei hadde da dei skulle byggje butikken i 1914. Dei råka ei vassåre i tomta, slik at kjellaren rende full av vatn. Det var...
Brøyting!
Godt at redskapen har blitt litt betre. Bilde frå Riksarkivet.
Her kjem det mange gode historier!
Meir enn 40 vil skrive for Hemgrenda og Fronsbygdin Stor interesse for å skrive lokalhistoriske artiklar! Foto: Rasmus Stauri Over 40 møtte for å lære meir om å skrive lokalhistoriske artiklar til Hemgrenda og Fronsbygdin, da Fron historielag og Ringebu historielag...
– Ei skam å komme heim i drosje
Johan Pettersen (1900-84) kjørte drosje i 38 år Johan Pettersen: E-6 var berre grusveg, og vi trong to dryge timar Vinstra - Lillehammer Oddmar Myrum i Gudbrandsdølen 24. mars 1973: - Er det ingen som har prøvd å slå deg ned? - Jau, ein gong. Det var mykje kjøring av...
Her er seterbrevet
Fleire etterlyser brevet som historielaget har send ut for å registrere setrene i Fron. Her er det. Og her er meir informasjon om prosjektet. Og her er dei som jobbar med prosjektet: Møyfrid Kalstadstuen, Johan Rusthage, Arild Larshaugen, Linda Myromslien, Elisabeth...
Har du fått brev om setra?
Svar helst innan 1. februar - til ei bok om setrene Det er stor grunn til å tru at det om nokre år ikkje vil vera att noko seterdrift. Historielaget fryktar dette. – Det er noko av grunnen til at vi nå såg behovet for å gjere kartlegginga av setrene, for snart er det...
Bli med på skrivekurs!
Til gamle og nye skribentar i Fronsbygdin Dei to nye redaktørane i Fronsbygdin, Geir Paulsrud og Erling Skurdal, inviterer til skrivekurs på Dale Gudbrands gard 27. januar. Vel møtt! Vi inviterer alle som kan ha interesse av å skrive for Fronsbygdin til eit...
Klengenavnet Hyttebyen
Pål Kluften om "de velhavendes folkevittighet" PÅL KLUFTEN: Ved Kongeveien mellem Sør-Fron kirke og Hundorp er et strøk som før i tiden kaltes "Hyttebyen". Navnet var selvsagt et klengenavn, fordi her var mange små stuer samlet, noen uten og andre med en liten...
Presten på spark til kyrkja
Prestegardsjul i gamle dagar Ragnvald Tarud fortel til Oddmar Myrum i Gudbrandsdølen 22. des. 1977: Jula er ei tid for seg sjølv. Ein lysfest midt i mørketida er kjærkommen, og samstundes kallar innhaldet i jul på det beste i oss. Egoismen kjem litt meir på avstand,...
Død mann skuldar pengar
Skrømthistorier frå setrer og einbølte bruk Johan From gjekk i lag med to andre til Sør-Fron kyrkje Sankthanskvelden for å ha møte med sjølve styggen. Ragnvald Tarud (1913 - 1989) fortel til Oddmar Myrum i Gudbrandsdølen 22. des. 1977: Ragnvald er ikkje overtruisk,...
20 gilde år med Rasmus og Gard
Og ei gild utgåve av Fronsbygdin Frå Rasmus Stauri sin artikkel om Janna Lien - ordkunstnaren frå uppi Nørdre Li`n. Har du sikra deg Fronsbygdin 2023? Du rekk det framleis før jul. I Dølen har Tor Larsen mykje godt å seie om boka: "I årets Fronsbygdin får vi servert...
Hans på Steinhaugen
Men diplom ville han ikke ha ODDMAR MYRUM I GUDBRANDSDØLEN 11.1. 1971: I bratte lia nord og opp for Vinstra ligger bruket Steinhaugen. Stedet bærer ikke navnet uten grunn, for sjelden har det vel vært ryddet til jordbruk på mer steinet og ulendt terreng. Der bodde...
Hvilken framtid har Espedalen?
Ny bok forteller om livet i en avsides fjelldal Boka koster kr 450, og kan kjøpes av forfatterne. Den kan hentes i Espedalen, på Lillehammer eller i Oslo, eller sendes for et tillegg på 90 kr. Send i så fall melding til Jana Weidemann: 91889599. Boka kan også kjøpes...
Haugtussa kjem til Harpefoss
saman med Rasmus Kjorstad Rasmus Kjorstad speler langleik, munnharpe, hardingfele, fele, oktavfele Dette er truleg den vakraste skildringa i norsk litteratur av eit erotisk møte: Og som det lid til svale kveldings stund,alt meir og meir i lengt dei saman søkjer,og...
Ein direktørbolig – bygd av kva?
Israel Krupp bygde seg hus på Tofte under krigen Kvifor handlar Israel Krupp til seg ein brannruin langt oppe i Gudbrandsdalen og vil byggje seg hus der under krigen? Hadde han vore der nokon gong? Foto: Johan Brun/DM CARL HENRIK GRØNDAHL: Dette er...
Slik vart Fronsbygdin til
Det starta i jubileumsåret 2003 Dei to avroppande redaktørane Gard Espeland og Rasmus Stauri var med på eit lite bokbad, leia av Carl Henrik Grøndahl under boksleppet av Fronsbygdin 2023. Foto: Tor Larsen Tor Larsen i Dølen: Gard Espeland og Rasmus Stauri var primus...
– Vi var litt misunnelige
GD har møtt de avtroppende redaktørene for Fronsbygdin Gard Espeland (t.v.) og Rasmus Stauri har hatt ansvaret for alle de 20 bøkene om lokalhistorie fra Fronsbygdene. Foto: Kristin Veskje – Jeg sitter att med ei glede over å ha møtt så mye fine folk med stor...
Jul på hytta? Njaaa – mor var gruvsam
Fortel Fronsbygdin 2023, som går unna Fronsbygdin 2023 er som tidlegara år ein av bestseljarane hos Norli på Peer Gynt-sentret. Her går boka unna, fortel Velaug Sverresdotter Ryen. "Ei jul fekk far det for seg at vi kunne ferie jul på hytta vår på fjellet. Mor var...
Ånd må vinna på troll til sist
Perspektivrik lansering av Fronsbygdin 2023 Hans Petter Solberg frå Fron mållag heidra dei to avtroppande redaktørane Gard Espeland og Rasmus Stauri med Målprisen 2023. Lanseringa av Fronsbygdin har utvikla seg til gode kulturkveldar, der også karane møter fram. Meir...
Møte mellom folk i levande live
Møt Øystein Rudi på lanseringa av Fronsbygdin i morgon "Kvar einaste gong det kjem folk til gards, er det ein stor glede, og det kjennest meiningsfullt å få lov til å skape aktivitet som mange seier er med på å gjere livet rikare. Møte mellom folk, ikkje på skjerm,...
Ikkje få mjølkeliter gjekk tapt
når kjelken kom ut av styring og segla sin egen sjø Verst når det låg blanksvell. Foto: Helgeland museum HELGE STORMORKEN om Kvam i hans oppvekstår: Det var berre om vinteren at det kunne kjørast etter gardrekka, eller måtte alle "ni vægen" for å koma dit dei...
Bjørnen braut ryggjetak på Jostugusalen
Men det gjekk ille med bjørnetrenaren Basso og trenaren hans er det nok ikkje, men der var vel ein slik ein som tok seg opp på Jostugusalen. Foto frå Helgeland museum GUNNAR LIEN: Jostugu låg sentralt til tett inntil Kongsvegen og like ved landhandleriet på Jensbakken...
Torsdag 26. oktober!
Da blir det triveleg på biblioteket på Vinstra Og vil du ha boka tilsend så fort råd er, kontakt Egil Myhre: [email protected]
Da Iver Toksekleiven hogg av seg handa
Var det her Henrik Ibsen fekk idéen? PÅL KLUFTEN: En episode som synes å vise at Henrik Ibsen har hatt lokalkunnskap fra Fron, er historien om gutten som med vilje hogg av seg en finger i Peer Gynt: Det var fanden til kropp! En umistelig finger! Helt av! Og uten at...
Mangslungen og lesverdig!
Vemodig lansering av Fronsbygdin 2023 torsdag 26. oktober Rasmus Stauri klar til å sleppe Fronsbygdin, som er friskt fiolett i år. "Sjølvsagt er lokalhistorie også underhaldning, men djupast sett er det også ei indre reise, ei reise for å finne eit haldepunkt", skriv...
Tofte hotell brent ned
Tyske soldater smurte ski med loddelampe NTB og DAGNINGEN 18. desember 1940: Den store fløibygning brente ned til grunnen i løpet av 2 1/2 time. Alt innbo og eierens og tjenerskapets eiendeler gikk med. Brannen blev oppdaget ved 20-tiden i et værelse i nordre fløi...
Israel Krupp forfalsket pass
Og utdannet rekrutter til den israelsk hær hemmelig i Bærum VI MENN 1984: Israel Krupp på Tofte var med på å forfalske pass og finansiere og utdanne rekrutter til den israelske forsvarsorganisasjonen Haganah på slutten av 1940-årene. Israel ble proklamert som egen...
Du skulle sett han Knut danse!
Han spente kopper og dekketøy i tusen filler Her har´n Knut Haugastugun dansa PÅL KLUFTEN: Knut Haugastugun var fra Nord-Fron og i sin tid en svær dansekar. Han ville dessuten gjerne slåss på dansemoroene, for når det var moro, så skulle det være moro til...
Skotet gjekk av så måsåspruten stod
Historia om ein svært lang og minnerik jakttur JOHAN DALSEG: Det var berre eit par dagar att av reinsjakta om hausten. Da var det naboen, Sigurd Dalseghagen, dukka opp. Han hadde reinsjakt, men ikkje fått dyr, og spørsmålet var om eg ville vera med til fjells. Eg...
8 hester for å dra lokomotivet
Til torvuttak på Kvarvet Litt av ei dampdoning. Foto frå Arve Skurdal/Vegar Skar EIVIND HOLEN: Torvuttaket på Kvarvet ble startet en gang mellom 1915-1920 for å skaffe brenntorv til Fron Ysteri. Grøfta der det ble tatt ut torv opp under Grønfjell, er fortsatt synlig....
Sju drukna i Hundorpsundet
Tung last og stri vind IVAR KLEIVEN: Ein sundag, 3. oktober 1830, hende ei ulykke på Hundorpsundet: Ei ferje med fire øyk og sju menneskje skulle over sundet frå baksidelandet. Det var for tung last og stri vind, og ferja kom ikkje meir enn ein 30 meter frå...
Slik såg dei Dale-Gudbrand
Kor mange av kunstnarane har vore på Hundorp? Mange kunstnarar har framstilt klubbeslaget på Hundorp, der Heilag Olav etter soga skal ha kristna Gudbrandsdalen. Dette måleriet av Nils Bergslien frå 1904 vart nettopp seld hos Blomquist for 310 000 kroner. Lett å sjå at...
– Vi vil ikkje på aldersheimen!
Kristine og Kristian Iversen i strid med Samvirkelaget JAN JONSGAARD I DAGNINGEN 27. MARS 1976: -Her har vi budd sidan i juni 1943. Dette er heimen vår, og vi ønskjer ikkje å flytte herifrå så lenge vi klarar oss sjølve utan hjelp, seier Kristine og Kristian Iversen....
Nobelprisen til Sør-Fron
Bøkene vart i alle fall skrivne i eit hus frå Nordre Dalseg ”Jeg har flyttet ind i mit nye, gamle hus og holder på at like mig glugg i hel." Sigrid Undset ved arbeidsbordet i Dalsegstova. KRISTIAN HOSAR OG KJELL MARIUS MATHISEN: I 1924 flytta Sigrid Undset inn i eit...
Hyttefolk – velkommen!
Historielaget gir deg et større rike CARL HENRIK GRØNDAHL: Ville det ikke vært gildt å vite litt mer om historien her hvor du har hytte? Blir ikke hytta litt lunere og godstolen med utsikten enda mer etterlengtet når du har noen dråper lokalhistorie innabords? Vet du...
Det ryk mange Sydenferiar
Men det blir bra! Røynsler frå restaureringa av Solbrå gard Godt frammøte på triveleg besøksrunde CARL HENRIK GRØNDAHL: - Det ser verre ut enn det er, men det blir alltid dyrare enn du trur. Spør dei som kan, om råd. Du skal ikkje skryte av kor billig det vart - du...
Listad-historie, suppe og kaffe i fjoset
Godt frammøte på vellukka markvandring TORMOD BRÅTEN: 60 historieinteresserte frøningar deltok sundag på ei svært vellukka markvandring midt i førkristent og middelalderens sentrum i Fron. Vi starta i tunet på Nigard Listad, der Geir Paulsrud tok oss attende til tida...
Bli med på historisk vandring frå Listad
Velkomen sundag 25.6. kl 13! Bilde tatt frå toppen av Ulberghaugen. Sygard Listad lengst til høgre og Nigard Listad til venstre. Uppigard Listad er ikkje med på bildet. Denne garden går på folkemunne under namnet Jørstad. Foto: Liv Bjerke. På sundag kan det bli ei...
